OPP: Gjennomsnittsprisen låg på 31,6 øre per kilowatt, før avgifter og nettleige, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Illustrasjonsfoto
OPP: Gjennomsnittsprisen låg på 31,6 øre per kilowatt, før avgifter og nettleige, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Straumprisane gjekk kraftig opp i 2016

Den gjennomsnittlege straumprisen for hushald gjekk betydeleg opp i fjor samanlikna med 2015. Prisen auka med 18 prosent. 

Gjennomsnittsprisen låg på 31,6 øre per kilowatt, før avgifter og nettleige, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I første kvartal betalte hushalda i gjennomsnitt 28,7 øre per kilowatt for straumen, mens prisen i fjerde kvartal hadde gått opp til 37,6 øre/kWh. Auken kan blant anna sjåast i samanheng med utviklinga i vasstanden i norske magasin i perioden, ifølgje SSB.

Medrekna avgifter og nettleige kom den totale straumprisen i fjor opp i 91,8 øre per kilowatt i gjennomsnitt. Det er 14 prosent høgare enn i 2015.

Tala viser også at det i fjor, i motsetning til tidlegare år, var billigare med fastprisavtalar. Prisane på fastprisavtalar låg på mellom 28,5 og 30,5 øre per kilowatt i gjennomsnitt, avhengig av lengde på kontraktane, mens elspotprisen gjennomsnittleg låg på 30,2 øre per kilowatt. For variable kontraktar betalte hushalda 35,2 øre.

Over 70 prosent av straumen seld til hushalda, vart seld via kontraktar knytt til elspotprisen, som normalt er den billigaste i gjennomsnitt over året.

(©NPK)

Til toppen