Lærdal: På sosiale medium har Vest politidistrikt og Statens vegvesen meldt om fleirtalige hendingar på Vestlandet. Fergesamband har blitt innstilte og vegar stengde, og i Bergen har tak vore rivne vekk.
I Indre Sogn, har det dog vore lite å melda om.
Då Porten.no tok kontakt med politiets operasjonssentral torsdag morgon, kunne dei melda om få hendingar.
Straumstolpe knakk på Håbakken
I morgontimane torsdag fekk politiet melding frå ein lastebilsjåfør som hadde blitt treft av lause leidningar frå ein straumstolpe som hadde knekt. Hendinga skjedde på Håbakken like ved Slinde-terminalen. Sjåføren melde om skader på ei rute og på sida av lastebilen.
– Det var ikkje ein straumførande mast, opplyser Frode Kolltveit, opersjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Då Porten.no kontakta Lærdal lensmannskontor, hadde dei inga informasjon å tilføra.
Tre stengde veg på Hafslo
Klokka 00:33 fekk politiet melding om at eit tre låg i vegen mellom Uglo og Lambhaug.
– Treet låg på i vegen i ei 70-sone, og det er ei rett og oversiktleg strekke så treet var godt synleg. Vegen er stengd, og det er ikkje meldt om noko skade. Vegtrafikksentralen ordnar opp, og entreprenør er ute og sagar det vekk, seier Kolltveit.
Stengde vegar i Vik
Fylkesveg 92 mellom Vikøyri og Arnafjord og fylkesveg 183 mellom Svida og Fresvik i Vik kommune er stengde ifølgje, Sogn Avis.
Problem i flytrafikken
Uvêret har skapt store problem for flytrafikken i fylket. Torsdag morgon vart fleire avgangar innstilt hjå alle fire flyplassar, grunna den sterke vinden.
Til NRK opplyste Widerøe at dette vil ha ringverknader utover dagen, og folk må kunne rekna med store forseinkingar.