Fresvik: Tre straumbrot på tre dagar.
Fram til no har straumen gått to gonger i dag. Straumen gjekk for første gong før klokka 06 i dag tidleg. Feilen vart funne og fiksa, og klokka 10:15 var straumen tilbake.
– Feilen vart fiksa, men no er straumen vekke etter ein ny feil, seier Tor Yttri, kommunikasjonsrådgjevar i Sognekraft, til Porten.no før han må legga på.

Klokka 13:55 oppdaterte han Porten.no på situasjonen.
– Skade på skade. Det var ikkje lenge innbyggjarane i Fresvik og på Frønningen fekk ha straumen denne gongen heller – og det var ikkje lenge mannskapet vårt fekk kvila.
– Me ber nok ein gong om orsak til dei no straumlause kundane våre i Fresvik og på Frønningen. De skal vita at me gjer alt me kan for å reparera. Det visar seg at uvêret som har herja dei siste dagane, har råka veldig hardt mellom Feios og Fresvik. Me jobbar på og gjer det me kan for at de skal få tilbake straumen, seier Yttri.
Klokka 19:25 fekk dei straumen tilbake, melde Sognekraft på si heimeside.
- Les òg: Sognekraft trur dei har funne linjebrotet
- Les òg: To bygder isolerte i Vik og ei er utan straum, ordførar: – Situasjonen førebels under kontroll
Ras isolerte bygda
Sundag kveld gjekk det eit stort jordras på vegen mellom Fresvik og Feios i Vik kommune. Omtrent på same tid mista bygdene Fresvik og Frønningen straumen.
Sognekraft, som leverer straum til begge stadane, var heilt sikre på at det var raset som forårsaka straumbrotet. Men det var det ikkje, og dei leitte lenge etter linjefeilen.
Kommunikasjonsrådgjevar i Sognekraft, Tor Yttri, opplyste til Porten.no måndag ettermiddag at dei hadde store mannskapar ute for å leita etter feilen både på land og i båt.
Måndag kveld var straumen tilbake igjen.