EKSAMENSKRØLL: Dersom det ikkje blir semje mellom partane i årets lønsoppgjer i staten, kan rundt ein tredjedel av dei tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane bli tatt ut i streik, noko som vil råka studentane hardt. Foto: HiSF. 
EKSAMENSKRØLL: Dersom det ikkje blir semje mellom partane i årets lønsoppgjer i staten, kan rundt ein tredjedel av dei tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane bli tatt ut i streik, noko som vil råka studentane hardt. Foto: HiSF. 

Streik kan skape eksamenskrøll for studentar

Dersom partane ikkje blir samde i årets lønsoppgjer i staten, kan rundt ein tredjedel av dei tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane bli tatt ut i streik.

Sogndal: Det er særleg munnleg eksamen som står i fare, men dette kan også bli ein brems på fusjonsprosessen som pågår, skriv Khrono.

Meklingsfristen for årets lønsoppgjer går ut natt til torsdag. Ved usemje kjem mellom anna politiet, Nav, universitet og høgskular til å gå ut i streik. Det er totalt i underkant av 2000 personar. Hardast råka vert Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Eg trur me langt på veg kan klare å finne ei løysing på gjennomføring av skriftleg eksamen for dei fleste studentane våre, men munnleg eksamen vil bli verre, for der må jo faglærar vere tilstades, seier personaldirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Wenche Fjørtoft, til Khrono.

Og det er stort sett fagleg tilsette som skal ut i ein eventuell streik. Parallellt med dette pågår også ein fusjonsprosess om å danne ein stor høgskule på Vestlandet. Endeleg vedtak skal fattast 9. juni.

– Me har enno ikkje heilt oversikt over om ein eventuell streik kan kome til å forstyrre fusjonsprosessen, men vi kan ikkje sjå bort ifrå det, seier Fjørtoft. Ved høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund er det langt færre som er tatt ut i streik. 8 i Stord/Haugesund og 32 i Bergen.

Til toppen