– NO ER DA NOK: Beskjeden frå elevane i Aurland var ikkje til å ta feil av, dei ønskjer politikarar som tek grep no.
– NO ER DA NOK: Beskjeden frå elevane i Aurland var ikkje til å ta feil av, dei ønskjer politikarar som tek grep no. (Foto: Privat)

Streika for miljøet i Aurland: – Me er dei framtidige politikarane

Elevar frå tre skular i kommuen gjekk saman om å kreva endringar. Varaordføraren oppmodar dei til å halda fram miljøkampen.

Aurland: Fredag streika elevar i Aurland i protest mot politikarar som dei meiner ikkje tek klimaendringar på alvor.

– Me er dei framtidige politikarane. Eg håpar me vil ta meir ansvar enn dei gjer no, seier 10.-klassing Nora Tangen Aarskog, som leia streiken.

Med plakatar i hendene marsjerte elevar frå Aurland barne- og ungdomsskule, Flåm skule og Sogn jordbruksskule i samla tropp til rådhuset på Aurlandsvangen.

Gryande engasjement

LYTTA: Varaordførar Leiv Jarle Bergheim lyttar til streikeleiar Nora Tangen Aarskog, og medleiarar Marie Hoel-Hansen og Brita Grønsberg. Dei gav han óg eit dokument. Foto: Privat

Her heldt Marie Hoel-Hansen frå 9. klasse appell, streikeleiaren las opp eit slam-dikt, og elevane sang. Rund sytti elevar tok del i protestane.

– Eg blir utruleg stolt av bygda, seier Aarskog om oppmøtet.

Ho har lenge vore klar over dei negative følgene av klimagassutslepp. Men det var først då ho oppdaga Greta Thunberg at ho skjønte det var på tide å gjera noko.

Den unge den unge klimaaktivisten har starta ei bølge av klimastreikar blant skuleelevar verda over, og har heldt tale for EU.

– Ho har gjort at det har blitt eit stort engasjement blant oss unge. Det er på tide at me seier frå til politikarane at me må gjera noko, seier Aarskog.

Fekk respons

Sidan ordføraren var på reis, fekk elevane møta varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap). Aarskog seier dei vart oppmoda til å engasjera seg i kvardagen, og ikkje lata det bli med denne eine streiken.

Medan elevar mange andre plassar har fått fråvær for å streika, fekk elevar på Aurland barne- og ungdomsskule to timar til disposisjon av skuleleiinga.

Det vart teke godt imot, men enkelte nøydde seg ikkje med det.

– Eg og fire andre valde å streika heile dagen, seier Aarskog.

– NO ER DA NOK: Beskjeden frå elevane i Aurland var ikkje til å ta feil av, dei ønskjer politikarar som tek grep no. (Foto: Privat)
LYTTA: Varaordførar Leiv Jarle Bergheim lyttar til streikeleiar Nora Tangen Aarskog, og medleiarar Marie Hoel-Hansen og Brita Grønsberg. Dei gav han óg eit dokument. (Foto: Privat)

Til toppen