IKKJE OPPSØK FOLK: – Om du er i karantene, så kan du framleis ta ein tur i skogen. Det er ingenting som tilseier at du ikkje kan gjere det, men du skal ikkje oppsøke folk, seier Arnstein Menes, ordførar i Sogndal.
IKKJE OPPSØK FOLK: – Om du er i karantene, så kan du framleis ta ein tur i skogen. Det er ingenting som tilseier at du ikkje kan gjere det, men du skal ikkje oppsøke folk, seier Arnstein Menes, ordførar i Sogndal. (Foto: Arkiv.)

KORONAVIRUS

Strengare tiltak i Sogn: to veker karantene for alle tilreisande frå desse områda

Alle kommunane i Sogn og Fjordane, utanom Gulen kommune, stiller seg bak strengare karantenetiltak.

Sogn: Dei som har reist inn til Sogn og Fjordane etter å ha vore i område sør for den gamle fylkesgrensa, samt Innlandet og Sør-Trøndelag, skal to veker i karantene. Vedtaket gjeld reiser frå 12. mars. 

Vedtaket gjeld ikkje Gulen kommune. 

– Kommunen har helsetenester i nabokommunar, og i tillegg stor grad av arbeidstakarar frå nabokommuner. Eit slikt vedtak ville ha ei negativ påverknad på samfunnskritiske funksjonar, skriv rådmann i Gulen, Reidun K. Halland, på kommunen sine heimesider. 

Kommunen har i staden innført 14 dagars karantene for studentar som kjem frå Oslo, Bergen, Trondheim eller Viken.

Stor auke elles i landet samanlikna med Sogn

Sogndal kommune var ein av dei som sendte sms-varsling til alle innbyggarane om det nye vedtaket om karantene. 

– Me har gjort eit vedtak knytt til tilreisande. Me har vore i ein situasjon der me ikkje har fått auke i tal tilfelle, mens det er ein god auke i tilfelle elles i landet, spesielt i Sør-Norge. Me meiner dette er nødvendig, seier Arnstein Menes, ordførar i Sogndal. 

I Sogndal er det to kjende smittetilfeller, og i Luster er det eitt. Elles er det òg sju andre tilfelle i Sogn og Fjordane. 

– Dette gjer vår region til eit av områda i Norge med lågast smittepress. Med dei nye retningslinjene for testing som no er innført, risikerer vi raskt å miste denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utsida av regionen, står det på sida til kommunen.

Må ikkje sitte inne, men ikkje oppsøk folk 

Menes håpar at alle fyl råd om å avgrense fritidsreiser. 

– Vi har ikkje portforbod, kontroll på vegar og tilførsel. Me håpar folk fyl råda om å avgrense fritidsreiser. Om det har kome folk som ikkje normalt bur her, så har me ikkje forbod mot dette. Men me håpar folk ikkje reiser meir enn naudsynt, og at dei ikkje oppsøker andre meir enn nødvendig, i alle fall ikkje store samlingar. 

– Om du er i karantene, så kan du framleis ta ein tur i skogen. Det er ingenting som tilseier at du ikkje kan gjere det, men du skal ikkje oppsøke folk. Hald to meter avstand. 

Menes oppfordrar også om å kontakte folk som no kan ha det einsamt. 

– Ring gjerne dei som du veit sit aleine, som ikkje har familie. Sjølv om ein ikkje kan besøke og klemme kavarandre, så kan ein vere der for kvarandre på andre måtar. 

Dette er vedtaket kommunane stiller seg bak  

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å halde i hevd naudsynte helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Sogndal kommune søndag 15.03.20 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1 femte ledd:

  1. alle som kjem til Sogndal kommune etter reiser i områda som synt i punkt 3, vert pålagd heimekarantene i 14 dagar etter ankomst.
  2. For personer som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til einkvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.
  3. Vedtaket gjeld per 15.03.20 følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, og dei geografiske områda som tilsvarer tidlegare Sør-Trøndelag og Hordaland.

Transittopphald på flyplass i desse områda, og direkte heimkøyring i eigen bil frå flyplass vert ikkje rekna som som opphold i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12.mars.

Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagd oppholdsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjoner (sjå lenke) vert gitt adgang til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjoner. Vedtaket har verknad frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

Til toppen