USAMDE OM HEIMESIDE: F.v ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim og Hadle Blikra, tidlegare leiar i foreldre- og arbeidsutvalet ved Lærdalsøyri skule.
USAMDE OM HEIMESIDE: F.v ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim og Hadle Blikra, tidlegare leiar i foreldre- og arbeidsutvalet ved Lærdalsøyri skule. (Foto: Truls Sylvarnes/Porten.no, Ida Breivik/NRK)

Strid om gamal heimeside i Lærdal

Kommunen ber Hadle Blikra, tidlegare leiar av Foreldre- og arbeidsutvalet ved Lærdalsøyri skule, om å stengja ned ei gamal heimeside som ikkje lenger er i drift. Det ynskjer han ikkje å gjera.

Dette handlar saka om:

  • Hadle Blikra var leiar for Foreldre- og arbeidsutvalet (FAU) ved Lærdalsøyri skule mellom 2010 og 2013. Blikra skipa til ei FAU-heimeside på vegne av foreldreutvalet, og han administrerte sida dei åra han var leiar.  
  • Då Blikra takka for seg i foreldreutvalet, vart nettstaden som han administrerte liggjande brakk på bloggstaden wordpress
  • Den gamle heimesida til FAU ved Lærdalsøyri skule ligg på skulen si nettside. Denne vart teken i bruk att etter at Blikra gjekk av som leiar for utvalet i 2013.
  • Blikra administrerer framleis den alternative nettstaden som han administrerte i si tid som FAU-leiar, men oppdaterer han ikkje. Høgt oppe på heimesida er det i dag ei lenketilvisning til Lærdalsøyri skule si heimeside. 
  • Blikra seier sida han laga er eit viktig arkiv, og han ynskjer ikkje å overgje kontrollen med henne til kommunen. 
  • Den 15. mars gjekk kommunestyret inn for at sida bør leggjast ned, noko Hadle Blikra fortel at han ikkje er kjent med. 

Lærdal: – Eg synest det er underleg at dei vil stengja ned det som var ein informasjonskanal for samhandling mellom foreldre og skulen, seier Hadle Blikra.

Han var leiar i Foreldre- og arbeidsutvalet ved Lærdalsøyri skule frå 2010 til 2013. I perioden skreiv han ei rekkje innlegg på nettsida til utvalet, enkelte av dei kritiske til både kommunen og skuleleiinga.

Ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim, synest det er på sin plass at Blikra gjev frå seg nyklane med sida, som har lege inaktiv sidan 2013. 

– Dette handlar om kven som skal ha disposisjonsretten over Foreldre- og arbeidsutvalet si heimeside ved Lærdalsøyri skule. Du har kontroll med ho når du har vervet, og so må du gje kontrollen vidare til nestemann når du går frå vervet. So enkelt meiner eg det er, seier Solheim. 

Hadle Blikra meiner kommunen i vedtaket snakkar om å fjerna sida, ikkje ta kontrollen med ho.

– Nettsida vart avvikla i 2013 og har med andre ord ikkje vorte nytta etter dette. Eg har ikkje fått krav om å gje frå meg kontrollen med sida. Administrasjonsutvalet i Lærdal kommune har derimot kravt at nettsida skal fjernast, seier Blikra.

Kravet frå kommunen mot Blikra del av ei større, brennbar sak

Stenginga av nettsida var eitt av punkta i eit forlik mellom Lærdal kommune og tidlegare rektor ved Lærdalsøyri skule, Eva Hage Solstad. Dette forliket kom i stand på grunn av eit varsel om at Solstad hadde vorte ufint behandla av kommunalt tilsette i samband med at ho laut gå av som rektor tilbake i år 2012.

Eitt av elementa i forliket mellom kommunen og den tidlegare rektoren, var at «Lærdal kommune tek eit initiativ med sikte på å få stengt ei heimeside som i si tid vart oppretta av FAU-leiar».

Skuldingar som vart sette fram i bloggen:

  • På den gamle heimesida til Foreldre- og arbeidsutvalet til Lærdølsøyri skule, styrt av Hadle Blikra, ligg det skuldingar mot skuleleiinga på Lærdalsøyri skule frå år 2012.
  • Namnet til den tidlegare rektoren er ikkje nemnd. Men same året som kritikken mot skuleleiinga vart publisert på bloggen, kom Blikra med kritikk av rektor på NRK. Dette er kritikk som kommunen no i 2018 orsakar at ikkje vart tilbakevist frå kommunalt hald den gongen. 
  • Blant skuldingane mot rektoren som vert sette fram på heimesida, finn me mellom anna at foreldrutvalet kunne «dokumentera alvorlege manglar ved noverande skuleleiing». Det vart hevda at skuleleiinga mangla kunnskap «om elementær offentleg forvaltning», og at desse manglane svekte «rettstryggleiken til brukargrupper, foreldre og born.»
  • Det vert også hevda at skuleleiinga i 2012 braut med forvaltningslova, opplæringslova, offentleglova og journalistforskrifta.
  • Rektor Solstad innrømte at lovbrot hadde funne stad, ettersom det ikkje var nok lærarressursar på skulen.
  • Men dette var lovbrot som ikkje ho personleg kunne lastast for. Det slo den fungerande rådmannen i Lærdal fast i 2012, ein periode då rådmannen ikkje var til stades. Rektor fekk også støtte frå hovudtillitsvalt ved skulen og frå Utdanningsforbundet.

Men ordførar Jan Geir Solheim ynskjer at innhaldet på den gamle heimesida vert arkivert og teke vare på.

– I tillegg til meiningsytringar er det mange møtereferat der og andre ting. Heimesida har ein verdi av historisk art, og er eit viktig arkiv, seier han.

Hadle Blikra meiner på si side at kravet om nedstenging er eit forsøk frå kommunen på å knebla kritiske røyster.

– Me lever heldigvis ikkje i eit samfunn der kritiske røyster skal verta knebla. Men her i Lærdal har me ei kommuneleiing som tidvis ynskjer å knebla kritikarar, seier Blikra. 

Ordføraren: – Veldig pussig

Jan Geir Solheim fortel at det oppstod forvirring då foreldreutvalet skifta leiar og Blikra nekta å gje frå seg kontrollen med heimesida. 

– Det var veldig pussig, seier Solheim.

Ordføraren meiner alt Blikra har skrive hadde vore greitt om det stod på hans eigen blogg. 

– Me ynskjer ikkje å knebla folk. Me ynskjer ikkje stengja ned ei side. Men denne bloggen ligg i det offentlege rommet som ei offisiell side. Det vert oppfatta ulikt av ulike menneske, seier Solheim.

Kan vurdera å fjerna «støytande» innhald

Det argumentet kjøper ikkje Blikra.

– Sida er offentleg tilgjengeleg, det er sant. Men det var ei brukargruppe, foreldrearbeidsutvalet, som skipa sida på frivillig basis. Dette var ikkje i kommunal eller offentleg regi, seier Blikra. 

Hadle Blikra har fått to brev frå kommunen der han vert oppmoda om å leggja ned sida. I svaret skriv han at han ser alvorleg på skuldingane om støytande og trakasserande innhald på den gamle heimesida.  

Men dersom kommunen fortel kva dei ser på som støytande, so utelukkar han ikkje at han kan ta det vekk. 

– Eg vil ikkje leggja ned nettsida, men eg kan endra på innhald dersom kommunen finn det politisk riktig å be om at noko vert sletta og soleis fjerna frå offentleg innsyn, seier Blikra.

Til toppen