Me har alle minner frå handarbeidstimane på borneskulen der resultatet vart ein strikka grytelapp, eit panneband eller eit altfor breidt skjerf.
– Eg fekk ideen frå andre liknande prosjekt, seier Elin Fredheim som er kontaktlærar for 5. klasse. Kort tid etter at ideen hadde festa seg hjå Fredheim, oppmoda ho dei andre lærarane til å bli med på strikkeprosjektet.
På onsdag vert teppet levert til borneavdelingen for langtidssjuke på Førde Sentralsjukehus.
Artikkelen held fram under biletet.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Ein lapp vert til eit heilt teppe
Prosjektet går ut på å strikke lappar i ein spesifikk størrelse, som til slutt vert sett saman til eit stort teppe.
– Det vart litt konkurransepress, smiler strikkaren Leah Nornes. Ho fortel vidare at nokre elevar strikka over 20 lappar.
Kontaktlærar Fredheim fortel at alle elevar deltok i prosjektet, og det vart ikkje sett noko krav til kor mange lappar kvar elev skulle strikke. Men det var langt i frå berre elevane som vart engasjert av dette teppeprosjektet. – Både foreldre, søsken, tilsette på skulen og elevane var med på å strikka lappar, seier ho.
Artikkelen held fram under biletet.

Teppe til odel og eige
– Teppet er laga av ullgarn, og eg vil gjerne takka butikkane i Øvre Årdal for sponsing av garn, seier Fredheim. I tillegg har elevane sjølve hatt med garn, og resten har Farnes skule kjøpt inn.
Det store teppet går til eit heldig born på langtidsavdelinga på Førde Sentralsjukehus som får det til odel og eige.
Til hausten byrjar klassane til att med strikkeprosjektet, og planen er å levere fleire tepper til born på avdelinga på sjukehuset.
