I LEIINGA: Årdal er oppe i ei 4-0-leiing mot Skarbøvik etter scoringar frå Preben Strypet, Truls Hovland, Brett Fellows og Vegard Aafedt Bukve, Robin Moheim. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
I LEIINGA: Årdal er oppe i ei 4-0-leiing mot Skarbøvik etter scoringar frå Preben Strypet, Truls Hovland, Brett Fellows og Vegard Aafedt Bukve, Robin Moheim. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Strypet med hat trick i nimålsfest

Heile ni mål vart scora på Jotun stadion laurdag, og Årdal scora åtte av dei.

Årdal – Skarbøvik 8-1

Årdal: Med berre fire poeng ned til Florø 2 under nedrykksstreken og 15 poeng igjen å kjempe om er spenninga absolutt tilstades i 3. divisjon avdeling 8.

Allereie no ligg Årdal føre skjema i forhold til førre sesong. Då tok dei 27 poeng totalt. Med fem kampar att av årets sesong står dei med 26 poeng.

Les også: – Det Strypet har gjort i haust er det berre å ta av seg hatten for

Før kvarteret var spelt på Jotun stadion hadde årdølene allereie jubla to gonger. I det 11. minuttet gjorde Truls Hovland ein strålande jobb langs venstrekanten då han serverte Preben Strypet, som enkelt kunne setja inn 1-0.

Artikkelen held fram under biletet.

GOD START: Preben Strypet gav heimelaget leiinga i det 11. minutt, tett etterfulgt av ei scoring frå Truls Hovland.
GOD START: Preben Strypet gav heimelaget leiinga i det 11. minutt, tett etterfulgt av ei scoring frå Truls Hovland.

Strypet med to mål

Hovland skulle sjølv skrive seg inn på scoringslista berre nokre minutt seinare. Venstrekanten gjorde alt sjølv og sette inn si 11. scoring for sesongen. 

Les også: Øy trur Årdal må ta fem-seks poeng til

Årdal har ikkje tapt på sju kampar, og rekka ser ut til å halde greitt fram mot dagens motstandar, som mønstrar eit ungt lag. Gjestane hadde knapt vore over midtstreken dei første 20 minutta.

Og då halvtimen var spelt var det frå høgrekanten det skjedde. Vegard Aafedt Bukve gjorde ein strålande jobb då han forserte langs kanten og fann Strypet føre mål. Igjen trong ikkje comeback-spissen å gjera anna enn å styra ballen i mål til 3-0.

Målfest

Årdal var det klart beste laget på Jotun stadion, og i det 37. minutt stod det 4-0. Raudtrøyene kontra og kom tre mot tre i angrep. Denne gongen var Strypet som serverte då han spelte på tvers av mål til Brett Fellows, som auka til 4-0.

Artikkelen held fram under biletet.

PUTTA: Brett Fellows skreiv seg inn på scoringslista med ei pen scoring etter godt spel.
PUTTA: Brett Fellows skreiv seg inn på scoringslista med ei pen scoring etter godt spel.

Det var også stillinga til pause, men berre seks minuttar ut i 2. omgang heldt målfesten fram. Det sørga Bukve for då han kasta seg inn på bakarste stolpe og styrte inn 5-0.

Nøyaktig ti minuttar etter auka leiinga ytterlegare. Strypet var igjen servitør då han passa på tverst og fann Terje Kvam Øvstetun. Han hadde ein enkel jobb å setja inn 6-0.

Skarbøvik reduserte

Skarbøvik hadde så langt knapt vore over midtbana til då. Svakt forsvarsspel og lite tempo og samhandling prega bortelaget, men på sin første visitt i 2. omgang kom reduseringa. 66 minutt var spelt då Ruben Sandnes sett inn 1-6.

For Årdal og Strypet sin del heldt jakta på hat trick fram, og fem minuttar før slutt fekk han sjansen då Robin Moheim på klønete vis vart felt. Dommar Dan Kåre Esp peikte på straffemerket. Strypet gjorde seg klar og sette sikkert inn mål nummer tre for dagen.

Meir skulle det bli. Moheim vart igjen felt berre nokre minuttar seinare, og denne gongen fekk han ta det sjølv. Den sjansen kasta han ikkje vekk og sette inn 8-1, som vart sluttresultatet.

Til toppen