STORSCORAR GJER COMEBACK: Preben Strypet plukkar fotballskoa ned frå hylla og gjer comeback for Årdal. I fjor scora spissen 16 mål. På biletet har han nettopp sett ein straffe mot Spjelkavik.
STORSCORAR GJER COMEBACK: Preben Strypet plukkar fotballskoa ned frå hylla og gjer comeback for Årdal. I fjor scora spissen 16 mål. På biletet har han nettopp sett ein straffe mot Spjelkavik.

Strypet melder seg til teneste

Preben Strypet plukkar skoa ned att frå hylla og gjer comeback på fotballbana.

Årdal: Storscoraren bestemte seg for å ta ein pause etter førre sesong, men no har 28-åringen bestemt seg for å gjera ein jobb for Årdal denne hausten. Det skriv Sogn Avis i papirutgåva tysdag.

Det er klart berre ni dagar etter at leiar i klubben Geir Kjetil Øvstetun fortalte Porten.no at dei ville kontakte Strypet i håp om at han ville returnera på fotballbana.

– Me kjem til å snakka med han. Dette bestemmer han sjølv, men me kjem til å høyra med han. Preben har scora mykje mål, sa Øvstetun då.

Les også: Øy: – Kanskje me må ut av bygda for å styrka oss

Til avisa seier Strypet at han har sakna fotballen og at det var dei lange borteturane denne sesongen som gjorde at han ville ta ein pause. No er han klar for å gjera ein jobb for dei heilraude, som tok ferie under nedrykksstreken med eitt poeng opp til trygg grunn.

Årdølene har berre scora 16 mål på 13 kampar denne sesongen. Det er like mange som Strypet åleine scora heile fjorårssesongen då laget heldt på å rykka ned. 

Typisk for denne sesongen har vore at Årdal har spelt jamnt over veldig god fotball, men har slite med å finna nettmaskene. Lagets toppscorar er Truls Hovland med fem nettkjenningar. 

Til toppen