TYDELEG SIGNAL: Ordførar Jarle Aarvoll og studentleiar Halvor Kasland tek kvarandre i handa etter signeringa. Studentar over heile landet ønskjer å ta eit klart standpunkt mot seksuell trakassering og mobbing i kjølvatnet av MeToo-kampanjen som starta i fjor haust.
TYDELEG SIGNAL: Ordførar Jarle Aarvoll og studentleiar Halvor Kasland tek kvarandre i handa etter signeringa. Studentar over heile landet ønskjer å ta eit klart standpunkt mot seksuell trakassering og mobbing i kjølvatnet av MeToo-kampanjen som starta i fjor haust. ( )

Studentane i Sogndal fekk med ordføraren på #MeToo-opprop

– Målet er at terskelen for å melda frå skal bli lågare, seier studentleiar i Sogndal.

Sogndal: Fredag var studentane i Sogndal på ordførarkontoret til Jarle Aarvoll for å sikra hans underskrift til kampanjen Aldri OK.

– Me ønskjer å visa kvar streken går når det gjeld seksuell trakassering og vanleg trakassering, og at kommunane og institusjonen er med på å seia at det aldri er ok. Målet er at terskelen for å melda frå om slike ting skal bli lågare, seier Halvor Kasland, studentleiar ved Campus Sogndal.

Haldningskampanjen vart starta i studentmiljøet i Bergen, men har ambisjonar om å bli nasjonal. 

– Kva veit de om kor stort dette problemet er i studentmiljøet i Sogndal?

– Litt av problemet er at det er store mørketal. Det er vanskeleg å kartlegga kor stort det reelle omfanget er. Men etter hausten i fjor og alt fokuset som har vore på dette, så ser me at problemet er mykje større enn me har trudd tidlegare, seier Kasland.

Ordførar Jarle Aar tykkjer det er eit flott og viktig initiativ frå studentane. Han håpar at kampanjen gjer at folk tenkjer litt ekstra over korleis dei oppfører seg. Og at alle har eit ansvar for å seia frå når nokon går over streken.

– Det som òg er trist å registrera, er dei som står på sidelinja, som ser og registrerer, men ikkje gjer noko. Det er minst like gale, seier han.

Til toppen