STOR PÅGANG: Martinus Dale, informasjonsansvarleg ved Meieriet, registrerer at faddervekene ser ut til å bli ein suksess i år òg.
STOR PÅGANG: Martinus Dale, informasjonsansvarleg ved Meieriet, registrerer at faddervekene ser ut til å bli ein suksess i år òg. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Studentane står i kø for å skaffe seg billettar til faddervekene

– Interessa er stor, som den er kvart år.

Sogndal: Dei to siste dagane det vore lange køar utanfor studenthuset Meieriet. Eit fullspekka program med DJar, konsertar, quiz, bad taste-fest og inspirasjonsføredrag har tydeleg fenga.

– Interessa er stor, som den er kvart år. Eg merkar at vi har greidd å booka rett, seier informasjonsansvarleg Martinus Dale ved Meieriet.

Han seier billettane går jamt godt, men at Staut er dei som ser ut til å vere det mest populære innslaget i år.

– Utover konsertane, så kan folk forvente seg jamt over god stemning og ein sosial plattform der dei kan få seg nye vennar utanfor klasserommet. Det er eigentleg det viktigaste, seier Dale.

Fadderveka vart sparka i gang måndag med det lokale bandet White Man Dancing, den òg utseld. Tysdag er det intimkonsert i samarbeid med Trivselssentralen.

– I dag tek me det litt roleg, slik at folk får seg ein pust i bakken etter den travle første dagen. Så køyrer vi på med konsertar, noko lokalt frå DJ-gruppa her på huset og andre artistar, slik som Staut, seier Dale.

Her er programmet for resten av dei to faddervekene: 

  • Onsdag: DJ-gruppa presenterer
  • Torsdag: Quiz
  • Fredag: Bad Taste-fest
  • Laurdag: Staut
  • Tirsdag 22/8: Føredrag med Marius Løken
  • Onsdag 23/8: Dex Carrington
  • Torsdag 24/8: Quiz
  • Fredag 25/8: CLMD
  • Laurdag 26/8: Club:Meieriet med DJ Espen Langtind
Til toppen