IKKJE NOK: Tre hybelblokker vart opna til skulestart, men enno er det ikkje nok til alle studentane i Sogndal som treng ein plass å bu. Randi Marie Sjøholt (innfelt) i SISOF seier dei har eit stykke att til målet om å dekke tjue prosent av behovet i hybelmarknaden.

Studentar på venteliste tvingar fram nye hybelbygg

Studentsamskipnaden ser seg om etter nye byggjeprosjekt i Sogndal, nesten før malingen på det førre har tørka.

Sogndal: Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) har nettopp ferdigstilt tre hybelblokker i Sogndal med plass til 150 studentar. Likevel står rundt hundre studentar på venteliste til å få seg hybel når studieåret startar.

– Det ser ikkje ut til at marknaden er metta enno, seier Randi Marie Sjøholt, administrerande direktør i SISOF, som hintar om at det neste prosjektet ikkje er langt unna.

Les også: Bli med inn i dei nye studenhyblane i Sogndal
Les også: Ny master i medvind

Står framleis utan hybel

Wivian Mari Stokke frå Årdal og Einar Rune Dalaker Opsahl frå Stavanger er blant dei som enno ikkje har fått seg tak over hovudet. 

OPTIMISTAR: Dei har enno ikkje funne seg hybel, men er ikkje desperate enno. Wivian Mari Stokke og Einar Rune Dalaker Opsahl trur det ordnar seg til slutt. 
OPTIMISTAR: Dei har enno ikkje funne seg hybel, men er ikkje desperate enno. Wivian Mari Stokke og Einar Rune Dalaker Opsahl trur det ordnar seg til slutt. 

– Eg skal på visning om ikkje alt for lenge. Men det er langt vekke, over seks kilometer herifrå. Så å seie alt er oppteke av dei sentrale hyblane, seier Dalaker Opsahl.

Les også: Fusjonen er eit faktum

For Wivian Mari Stokke er det ikkje krise, for ho kan framleis bu heime hos foreldra. Men det var ikkje det som var planen. 

– Det er litt tungt å pendla att og fram frå Årdal, særleg viss eg skal få fullt utbytte av Studensamfunnet. Så eg har veldig lyst til å finne meg hybel her i Sogndal, seier ho.

Begge har funne nok av annonsar å ringe på, men som regel er det nokon som har kome dei i forkjøpet. 

– Det ligg masse hyblar ute, men alle er tatt. Det verkar ikkje som folk tek ned annonsane sine, seier Stokke.

Vanskelegare for dei useriøse aktørane

Målet er at SISOF skal utgjere tjue prosent av hybelmarknaden. Dei nye hybelblokkene gav dei ei auke i dekninga  frå drøye tretten til opp mot sytten prosent. Ei klar betring, men enno eit stykke igjen til målet. 

MOGLEG PLASSERING: I den såkalla campusplanen er delar av parkeringsplassen på Kvåle (markert med raud sirkel på kartet) sett av til eit signalbygg, der studentbustader er nemnd som alternativ. (Illustrasjon: Sogndal Kommune)

– Vi håpar å kome dit i løpet av nokon år, seier Sjøholt.  

Les også: Streik kan skape eksamenskrøll for studentar

Ho seier dei ikkje har landa på konkrete løysingar og plassering av neste prosjekt. Men i den såkalla campusplanen er det skissert opp nokre alternativ på Fosshaugane.

– Det er planlagt litt studentbustader i det området, men det finst sikkert òg andre løysingar, seier Sjøholt. 

SISOF-direktøren trur livet er blitt tøffare for dei få som prøver å utnytte studentar på desperat hybeljakt. Men utleigarar med alt på stell treng ikkje frykte at SISOF skal ta ekstrainntekta frå dei ved stadig å byggje nytt. 

– Dei private utleigarane vil utgjere åtti prosent av marknaden. Eg trur det er dei som er useriøse som vil merke det, seier ho.

Til toppen