STEILE FRONTAR: SISOF-direktør Randi Marie Sjøholt og Røynda-redaktør Kristoffer Skarstein har heilt ulike oppfatningar av konflikta som no gjer at sistnemnde ønskjer å leggje ned studentavisa.
STEILE FRONTAR: SISOF-direktør Randi Marie Sjøholt og Røynda-redaktør Kristoffer Skarstein har heilt ulike oppfatningar av konflikta som no gjer at sistnemnde ønskjer å leggje ned studentavisa.

Studentavisa legg ned i protest – føler seg sensurerte av eigarane

– Dei gir solide føringar på kva vi kan skrive og då har ikkje vi lyst til å halde fram, seier redaktøren.

Redaktør Kristoffer Skarstein i Røynda seier han opplever at både SISOF og Høgskulen legg seg bort i kva dei skal ha lov til å skrive om.

– Vi føler dei ikkje ønskjer eit media som er kritisk og plukkar borti ting. Då blir det vanskeleg, når journalistane våre føler seg kontrollerte, seier han.

Spesielt kritisk er han til SISOF-direktør Randi Marie Sjøholt, som han hevdar har bedd om at enkelte kritiske saker ikkje blir publiserte. Sjøholt kjenner seg overhovudet ikkje att.

– Det kan eg ikkje skjønne. Eg har kommentert at eg ikkje har vore einig i alt som stod der. Men eg har aldri lagt meg bort i kva Røynda skriv, seier ho.

Rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen har ikkje fått med seg konflikta, men seier dei ikkje har noko ønskje om å styre kva saker og vinklingar studentavisa veljer.

Les også: Vestlandet har fått felles studentsamskipnad

Har heilt ulike oppfatningar av konflikta

Som eit døme på innblandinga dei opplever, nemner Skarstein ei sak som sette kritisk søkelys på leigeprisane til SISOF.

– Då fekk vi grei beskjed om at saka ikkje kunne publiserast. Vi måtte tenkje på ryktet til SISOF, seier Skarstein.

SISOF-direktøren meiner Skarstein har tolka ho heilt feil.

– I enkeltsaker har eg bedd han ta omsyn til kva saka eigentleg dreier seg om, og bedd han tenkje over om det i det heile var ei sak. Men eg har aldri gitt klare beskjedar til Røynda om kva dei skal skrive og ikkje, seier ho.

Eit anna døme Skarstein trekkjer fram, er at Sjøthun skal ha vore misnøgd med at Røynda brukte for mykje energi på å fremje LHBT-saka, altså kampen for like rettar til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

– Ho meinte vi hadde blitt for homopositive, og at fordi vi hadde fleire LHBT-personar i redaksjonen, så kunne vi ikkje skrive om det, seier Skarstein.

– Han prøver å framstille det som at eg er mot homofile og lesbiske. Det er eg overhovudet ikkje. Ingen kan seie at dei er heilt utan fordomar. Men eg trur eg er mindre fordomsfull enn veldig mange andre, seier Sjøthun.

– Ei sak ut av ingenting

Etter dette seier Skarstein at samarbeidsklimaet nådde frysepunktet. No tek han konsekvensen og stengjer avisa.

– Det er leit. Vi skulle gjerne ha halde fram, seier han.

Forsøk på å løyse konflikta har ikkje ført fram, ifølgje Skarstein. 

– Eg har vore innom direktøren. Det vart berre patetisk. Ho sat nærast og skreik til meg etterkvart, seier han.

Igjen er Sjøholt svært overraska over skuldingane.

– Eg har aldri heva stemmen til Kristoffer. Sa han det? Du verden. Eg har alltid snakka roleg til han. Men han har ikkje alltid fått det svaret av meg som han har forventa. Det han no prøver, er å lage ei sak ut av ingenting, seier Sjøholt.

SISOF-direktøren minner i tillegg om at Røynda ikkje er historie.

– Sjølv om redaktøren trekkjer seg, så er ikkje redaksjonen lagt ned, seier ho.

Til toppen