HVL: Ein studie gjort ved HVL, campus Sogndal, viser at friske idrettsutøvarar presterer betre med astmamedisin.
HVL: Ein studie gjort ved HVL, campus Sogndal, viser at friske idrettsutøvarar presterer betre med astmamedisin. (Foto: Arkiv)

Studie frå Sogndal har funne ut at astmamedisin kan få friske idrettsutøvarar til å prestera betre

Funna har blitt publiserte i det høgt rangerte britiske tidsskriftet British Journal of Sports Medicine.

Sogndal: Medisin mot astma kan auka prestasjonane hjå friske idrettsutøvarar. Ferske funn viser at slike utbreidde medisinar kan gjera utøvarar i «eksplosive» idrettar både sterkare og raskare.

FORSKAR: Amund Riiser, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Ingebjørg Vikesland

– På ein 100-meter kan det betra prestasjonen med flere tidelar, seier forskar Amund Riiser, ved Høgskulen på Vestlandet, i ei pressemelding.

Vidare kjem det fram at medisinane allereie står på dopinglista, men at enkelte av dei er tillate å bruka, opp til ein viss dose. Funna i den nye studien viser at når ein deler opp i lovleg og ikkje-lovleg dose, er effekten større ved inntak av ikkje-lovlege dosar.

Det er uvisst om lovlege dosar betrar prestasjonsevnen.

Undersøkte effekten hjå 472 utøvarar

Forskarane har nytta metoden metaanalyse, som vil sei å slå saman resultat frå fleire tidlegare empiriske studiar. Ved å bruka denne metoden oppnår ein å få eit breiare og sikrare bilete av forskinga som ligg føre. 

Resultata frå 472 utøvarar i 34 tidlegare studiar er slegne saman, og forskarane har undersøkt effekten av astmamedisin hjå friske utøvarar på eksplosive prestasjonar som hurtigheit, spenst og styrke.

Eksplosive prestasjonar gjeld utøvarar i ei rekkje øvingar innan friidrett, som sprintarar, hopparar og kastarar.

Store gevinstar i eksplosive idrettar

Funn i studien viser at bruk av astmamedisin kan gi store gevinstar i eksplosive idrettar, med øvingar som varar under eit minutt.

Resultata viser at eksempelvis Ventoline og Airomir, som er to av dei vanlegaste astmamedisinane, kan få friske utøvarar til å prestere betre. Studien viser at friske utøvarar som brukar desse medisinane, eller tilsvarande, betra prestasjonane sine med fem prosent i gjennomsnitt.

– Det kan bety kring eit halvt sekund betring på ein hundre meter sprint, seier Riiser.

– Sjølv om feilmarginen i studien slår ut for fullt, vil tida på denne sprinten potensielt betrast med nesten 0,2 sekund. Med dei små marginane som ein har i mange idrettar, kan dette bety svært mykje, legg han til.

Fakta om studien

  • Studien er ein systematisk oversiktsartikkel som inkluderer ein metaanalyse av resultat frå 34 kontrollerte studiar med totalt 472 friske idrettsutøvarar.
  • Ein metaanalyse gjer det mogleg å sjå nye og meir fullstendige mønster enn tidlegare fordi enkeltstudiar med same problemstilling blir slege saman i ein statistisk analyse.
  • Artikkelen undersøkjer effekten av ein type astmamedisin på anaerob prestasjon som hurtigheit og styrke.
  • Studien er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Norges idrettshøgskule.
  • Artikkelen er publisert i British Journal of Sport Medicine, eit av dei høgast rangerte tidsskrifta innan idrettsmedisin.

Større effekt med piller

Måten medisinane blei gitt på og dose, varierer i studiane som er samanlikna. I nokon av studiane har utøvarane fått éin enkelt dose, i andre har ein testa fleire vekers bruk. I nokon av studiane har utøvarane fått medisin i pilleform, i andre har medisinane blitt inhalert.

Medisinar innteke i pilleform hadde større effekt enn inhalasjon. Medisinane i pilleform inneheld langt høgare dosar enn medisinene som blir gitt som inhalasjon, og er forbode av verdas antidopingbyrå.

Medisinane gitt i høgare dosar, både i piller og inhalert, og andre typar av denne astmamedisinen enn den som er tilleten av antidopingbyrået, hadde òg større effekt på prestasjonsevnen enn lovlege dosar.

Testar i laboratorium

Ein viktig svakheit ved studien er at testane er gjort i laboratorium. Dermed veit ein ikkje hundre prosent sikkert kor overførbare resultata er til idrettskonkurransar, kor mange faktorar, som for eksempel hastigheitsendringar og andre taktiske disposisjonar vil spele inn på resultatet.

Effekten av astmamedisin er berre måla på friske personar, altså folk utan astma. Det betyr at det kan settast spørsmålsteikn ved om grensa for kva som er godkjente dosar er hensiktsmessige.

Uforsvarleg med forbod

Funna reiser ei rekkje spørsmål som det ikkje er opplagte svar på. Eit forbod mot astmamedisin vil vera helsemessig uforsvarleg og uetisk fordi det vil ramma utøvarar med astma som må bruke slike medisinar.

– Ein kan kanskje behalde dagens regel om maks-nivå i urin, men gjenninnføra kravet om ein medisinsk attestering for kvifor ein må bruke nettopp denne medisinen, sier Riiser.

Til toppen