STUPTE UT: Det var mange som møtte opp for å stupe ut i fjorden langs Stedjeberget på sundag, men og fleire som berre var tilskodarar.
STUPTE UT: Det var mange som møtte opp for å stupe ut i fjorden langs Stedjeberget på sundag, men og fleire som berre var tilskodarar. (Foto: Janne Merete Bøyum)

Studentane i Sogndal samla seg og stupte ut i fjorden

Sundag arrangerte Sjøspretten klippehopping langs Stedjeberget. Sjå bilder lenger ned i saka.

Sogndal: – Det er sjølvsagt nervepirrande å arrangera noko sånn der folk skal hoppa utanfor ei klippe, men det går fint, seier Magnus Sandven, arrangementsansvarleg i Sjøspretten. 

–Eg hadde ikkje forventa så mange folk, men eg er ikkje overraska. Det heng sjølvsagt saman med vêret, seier arrangementsansvarleg Magnus Sandven. Foto:  Janne Merete Bøyum

Sjøspretten er studentorganisasjonen i Sogndal som tilbyr dykking, havkajakk og elvepadling. Og nokre gonger har dei ekstra arrangement.

–Det trekker mange folk no i fadderveka, seier Sandven.

Risiko involvert

I det bratte partiet langs Stedjeberget samla ein god gjeng studentar seg for å hoppa rett ut i fjorden. Dei gjorde klar tre plassar med 4, 6 og 11 meters høgde.

– Me har sjekka djupna i vatnet og prøvde ut eit par hopp i går. Det er ein risiko involvert, og dei som hoppar må vite det sjølv. Men det skal vere sikkert, så lenge dei veit sjølv at dei greier det, seier Sandven. 

Dei hadde ein ribbåt som plukka dei som hoppa ut i vatnet og køyrte dei tilbake til stien opp igjen. Dei hadde òg eit par stykker i kayak, og ein mann med dykkardrakt klare til å hjelpa om noko skulle skje. Sjølv satt arrangementsleiaren på toppen og gav klarsignal til dei som skulle hoppa.

– Det var ein som hoppa der me ikkje hadde sjekka eller laga til, sjølv om me sa ifrå om det klårt og tydeleg. Han tok ned i botnen av fjorden. Men det gjekk heilt fint med han, seier Sandven.

STUPTE UT: Det var mange som møtte opp for å stupe ut i fjorden langs Stedjeberget på sundag, men og fleire som berre var tilskodarar. (Foto: Janne Merete Bøyum)
YNGST: Svenja Gesch og Snit Tesfazgi er begge 12 år, og dei yngste som møtte opp for å hoppe ut frå klippa. – Eg har hoppa frå 8 meter før. Det var ganske ildt, så eg skal berre hoppa frå 4 meter i dag, seier Svenja Gesch. (Foto: Janne Merete Bøyum)
SIKKERHEIT: Alle som ville hoppe frå det høgtse punktet på 11 meter, måtte skrive under at dei sjølv var ansvarleg om noko skulle skje. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Lukasz Rybak og Jules Selukov er spente og lurer på om dei skal tørre å hoppe frå 11-meteren. (Foto:  Janne Merete Bøyum)
Ingrid Tandstad og Amalia Ullestad har allereie hoppa frå 6-meteren, og lurer på om dei skal hoppe frå 11 meteren òg. (Foto:  Janne Merete Bøyum)
Folk sat ned i bakken. Nokon venta på å hoppe, medan nokon var publikum. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Marie Grosser og Rosanne Wierena har ikkje tenkt å hoppe i dag, men er der for å sjå på vennene som hoppar. – Eg har lyst å leve lenger, seier Wierena med eit smil. (Foto: Janne Merete Bøyum)
KLARSIGNAL: Arrangementansvarleg Magnus Sandven sit i bakken, og gir klarsignal til dei som skal hoppe. (Foto: Janne Merete Bøyum)
SIKKERHET FØRST: Først går arrangementansvarleg gjennom reglar, korleis ting skal foregå, og sikkerheit. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Folk kom gåande, syklande, eller på longboard til klippehopping. Det var litt fleire som møtte opp enn forventa, seier arrangement ansvarleg. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Sjøspretten stilte med ribbåt som henta dei som hoppa og køyrte dei til der stien gjekk opp igjen. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Til og med sola hadde lyst til å vise seg fram i dag. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Til toppen