SKADD: Kjetil Karlsen var ein viktig del av Årdal-laget førre sesong og spelte 21 av 26 kampar, men mistar no vårsesongen på grunn av ein stygg ryggskade. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SKADD: Kjetil Karlsen var ein viktig del av Årdal-laget førre sesong og spelte 21 av 26 kampar, men mistar no vårsesongen på grunn av ein stygg ryggskade. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Stygg smell for Årdal-forsvarar

Kjetil Karlsen skada ryggen stygt på ei treningsøkt og mistar store delar av komande sesong.

Årdal: Karlsen har gradvis spelt seg til ein fast plass sentralt i Årdal-forsvaret og mista berre fem av 26 kampar i serien i fjor.

Denne sesongen ser det verre ut for stopparen, som skada ryggen under ei treningsøkt på Årdal Gym. Karlsen vart sendt til Lærdal sjukehus og vidare til Førde, der det viste seg at han hadde fått prolaps i ryggen, skriv klubben på si heimeside.

PROLAPS: Karlsen mistar heile vårsesongen for Årdal FK med prolaps i ryggen. Arkiv
PROLAPS: Karlsen mistar heile vårsesongen for Årdal FK med prolaps i ryggen. Arkiv

– Eg har fått melding om at det eg må trena meg opp att, og at det kan ta mellom tre og seks månadar før eg er tilbake, seier Årdal-spelaren til klubben si heimeside.

Det betyr at Ivan Øy og Årdal må klare seg utan midtstopparen ei god stund. Det er dårleg nytt etter som det allereie er tynt i rekkene bakover på bana. 

– Først og fremst er dette berre trist for Kjetil. Det er er smertefullt, og det er trasigt med tanke på at han har vore i skikkeleg fint driv over lang tid, seier Øy.

– For laget sin del er det sjølvsagt også trasigt at me mistar Kjetil i så lang tid. Me har relativt godt med offensive spelarar og ikkje fullt så mange på den defensive sida, så det at me no manglar Kjetil, vil føra til at belastninga blir større på dei me har. Men me har snakka ein del om dette i spelargruppa og håpar me skal klara å holda fortet nokonlunde til me har Kjetil tilbake.

Årdal sesongopnar heime på Jotun stadion mot Hallingdal 9. april.

Til toppen