OPPGITT: Sofie Dokken Andersen, styremedlem i Årdal Sjøfront AS, meinte at oppførselen til dei to personane var så dryg at bedrifta melde dei til politiet.
OPPGITT: Sofie Dokken Andersen, styremedlem i Årdal Sjøfront AS, meinte at oppførselen til dei to personane var så dryg at bedrifta melde dei til politiet. (Foto: Arkiv)

Styremedlem i Årdal Sjøfront AS: – Så grovt at me melde dei til politiet

Personane som gjorde frå seg i gjestebåthamna på Årdalstangen har blitt meld til politiet.

Årdal: Det har kome store reaksjonar etter at det vart kjend at to personar hadde nytta den splitter nye kaia på Årdalstangen som eit personleg toalett. 

Sofie Dokken Andersen er styremedlem i Årdal Sjøfront AS, som har stått bak utbygginga av kaia. Ho er meget oppgitt over hendinga då Porten.no tek kontakt tysdag. 

– Det er heilt utruleg at det går an, det er skilta til toalett lengre borte. Det er absolutt ikkje dette me vil kaia skal brukast til, sler ho fast. 

Kledde av seg og naut alkohol

Det var fleire som fekk med seg hendinga måndag. Andersen fekk tilsendt bilete ved fleire høve på Snapchat, eit sosialt medium for biletedeling. 

– Først fekk me snap av at dei satt nakne, der kvinna hadde berre kledd av seg. Seinare på dagen fekk me ein ny snap at dei satt å dreit nede på kaien, seier ho med eit sukk til Porten.no.

Ifølgje Andersen hadde forbigåande sett personane drikke offentleg. 

– Me melde det til politiet, for me syntes at det var så grovt.

Politiet har oppretta sak og skulle ifølgje Andersen ta kontakt med dei det gjaldt tysdag. 

Ho opplyser at ho veit kven dei er, og at personane held til bygda. 

To offentlege toalett i Årdal, 28 i Aurland

På Årdalstangen er det offentlege toalett i sentrum og desse er det skilta til frå kaia, ifølgje Andersen. 

– Det kunne sikkert ha vore betre skilta og det kunne sikkert ha vore fleire doer der, men akkurat slik som det er no kunne dei ha gått på hotellet og spurt, men der hadde dei ikkje vore.

Ho fortel at Årdal Sjøfront AS, i samarbeid med kommunen og Årdal Utvikling, jobbar med å sett opp toalett i Meieriparken på Årdalstangen. 

– No prøver me å få Årdal Utvikling og kommunen med på laget om å setje opp toalett i Meieriparken. Det er heilt klart eit behov. Hotellet kan jo ikkje ta i mot alle.

– Det er få toalett i kommunen i det heile. Det er vel to kanskje i bygda. I Aurland er det 28 toalett. Det er heilt på trynet, seier ho oppgitt. 

Til toppen