VANSKELEG: Rådmann Alf Olsen jr. skildrar den økonomiske stoda til kommunen som vanskeleg. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VANSKELEG: Rådmann Alf Olsen jr. skildrar den økonomiske stoda til kommunen som vanskeleg. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Styrer mot underskot på drygt fire millionar kroner

Framleis overforbruk i heimesjukepleien er hovudårsaka kom det fram då 2.tertialrapport vart handsama i formannskapet i Lærdal i dag.

– Dette er ein svært vanskleleg situasjon, og me vil ha brukt opp disposisjonsfondet ved årsslutt om det held fram slik. Spesielt pleie og omsorg slit med å koma ned på rammene, sa rådmann Alf Olsen.

Prognosane utifrå 2.tertialrapport er eit underskot for kommunen på 4,275 millionar kroner ved årsslutt. Pleie og omsorg styrer mot eit overforbruk på 3,822 millionar kroner, derav det meste ligg på heimesjukepleien. Fråvêr av leiing, høgt sjukefråvêr og lågare refusjonar frå staten er hovudgrunnane til dette.

Les også: Teknisk: Ikkje eit reelt budsjett

– Det er bekymringsfullt med eit så stort avvik. Me har høgt sjukefråvêr på dei einingane som har høgt forbruk, så det går eigentleg feil veg. Det er viktig at folk flest er klar over dette, for mange trur nok me har meir å ta av enn me faktisk har. Halmstrået mitt er det arbeidet som blir gjort i sunn kommuneøkonomi, sa Kåre Mentz Lysne (Ap)

Stilte spørsmålsteikn ved konsulentbruk

Politikarane hadde mange spørsmål då rapporten vart lagd fram. Rådmannsfunksjonane er posten som ligg an til nest størst overforbruk, her er det snakk om 1,158 millionar kroner. Annika Vangberg (SV) lurde på følgjande:

– Når det gjeld konsulentbruk; er det ikkje vanleg å avtala pris på førehand så ein veit kor mykje det vil kosta?

Rådmann Alf Olsen svarde at det ligg inne rammeavtalar med visse konsulentselskap, men føya også til:

– Ved visse høve må me nytta konsulentar utan at me veit akkurat kva det vil kosta. Til dømes måtte me gjera det i samband med flaumsikring.

Artikkelen held fram under biletet

SPØRSMÅL: Både Trond Øien Einemo (H, f.v), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne hadde spørsmål eller kommentarar rundt overforbruket som ligg an til å enda på over millionen for rådmannsfunksjonane.
SPØRSMÅL: Både Trond Øien Einemo (H, f.v), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne hadde spørsmål eller kommentarar rundt overforbruket som ligg an til å enda på over millionen for rådmannsfunksjonane.

Kåre Mentz Lysne (Ap) var klar på at noko måtte gjerast for at budsjett og resultat måtte samsvara betre for rådmannsfunksjonane sitt vedkomande.

– Det har vorte sagt at denne posten er urealistisk budsjettert. At ein seier det er greitt nok, men me kan ikkje leva vidare med dette - då møter me oss sjølve i døra etterpå.

Kritisk til meirforbruk på reguleringsplan

Det kom også fram at reguleringsplanen for det nye næringsareaelet på Håbakken har kosta 1,3 millionar kroner, 400 000 kroner meir enn budsjettert. Dette ligg på rådmannsfunksjonane og er ein del av det kalkulerte overforbruket her.

Trond Øien Einemo (H) hadde fleire spørsmål til dette:

– Viss de har brukt 1,3 mill kroner på ein reguleringsplan, då burde de ha sendt ut ein førespurnad på førehand for å vita sikkert kva dette ville kosta.

– Me har vore nøydd til å halda trøkken på reguleringsplanen for Håbakken, difor er det brukt meir enn budsjettert der, svarde rådmann Olsen.

Tekniske tenester med snuoperasjon

Vidare lurde Øien Einemo på om ikkje desse pengane kunne eller burde gå som investering i staden for drift.

– Me må slutta å tenkja at me skal bruka potten til Lærdal Næringsutvikling som sugerøyr for kommunen, svarde ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Rådmannen opplyste også at ein reguleringsplan skal liggja på drift, ikkje investering, så dette uansett ikkje ville vera eit alternativ.

På den positive sida styrer no tekniske tenester mot meir eller mindre balanse, medan dei ved 1.tertialrapport låg an til halvannan million overforbruk. Fleire formannskapsmedlemmar uttrykte at dei nærast var forfjamsa over snuoperasjonen, men at det sjølvsagt var positivt.

Det ser også ut til å bli om lag ein millionar kroner meir i inntekter enn budsjettert.

Til toppen