BYGD NED: Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag meiner at altfor mykje vert bygd ned. Illustrasjonsfoto
meiningar
BYGD NED: Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag meiner at altfor mykje vert bygd ned. Illustrasjonsfoto
meiningar

Styrk matproduksjonen

Eit stadig aukande folketal i Noreg gjer at vi må auke matproduksjonen, ikkje minke den, skriv Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag i sin uttale.

  • Endret

Eit stadig aukande folketal i Noreg gjer at vi må auke matproduksjonen, ikkje minke den. Då må vi ta vare på all jorda vi har til å produsere mat på. Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag meiner at altfor mykje vert bygd ned. I Sogn og Fjordane fylke har det frå 2007 – 2015 vorte 2912 dekar mindre produktivt areal. Dette har vi absolutt ikkje råd til.

Norske forbrukarar set pris på mat produsert i Noreg. Våre 13500 medlemar i Noregs Bygdekvinnelag ber politikarane om å ta ansvar for å verne den store verdien som produktivt jordbruksareal representerer.

Denne verdien kan ikkje målast i pengar på same måte som ein utbyggjar sin raske gevinst, men den kan målast i evna til sjølvforsyning for framtidige generasjonar. Storsamfunnet må stå opp for denne verdien, som er verdt uendeleg mykje meir enn notida sin økonomiske gevinst.

Vi vil ha mat produsert på norsk jord der det er mogleg – og vi vil ha meir av den. Vår evne til sjølvforsyning av mat frå jordbruket er under press. Statistikk viser at over 1 million dekar dyrka og dyrkbar jord er omdisponert i Noreg dei siste 50 åra. Berre perioden 2005 – 2011 blei det omdisponert over 50 000 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Matjorda vert bygd ned i ei takt som ikkje er berekraftig for framtida. Infrastruktur, handel, næring og bustader vert for enkelte plasser på flate areal, men kan like godt plasserast på ikkje produktiv areal, skråningar som ikkje er dyrkbare og i skogområde. Dei styrande tek ikkje forvaltningsjobben alvorleg nok. Ei meir sentral styring er naudsynt for å handheve jordvernet.

Sogn og Fjordane Bygdekvinnelaga ber om at det vert arbeide for å få igjen innført tilskot til nydyrking. Dette for å demme opp for dei areala som årleg går ut av produksjon.

Sogn og Fjordande Bygdekvinnelag krev at politikarane i Sogen og Fjordane jobbar hardare for å verne matjord. Vi ønskjer oss ein nullvisjon for nedbygging av matjorda.

Til toppen