79C68624-A558-447A-9381-EA6BCCBDDB00

meiningar

79C68624-A558-447A-9381-EA6BCCBDDB00 (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)
meiningar

Stortingsvalet 2017

Styrk tryggleiken for fødande kvinner

Under NRK-debatten som gjekk føre seg på Hoven, i Loen i Stryn, vart Høgre-politikaren Trond Helleland med rette angripen for regjeringa sin helsepolitikk. Han fekk velfortent kritikk av lokalsjukehusaksjonisten Åsne Linnerud, som var leiar på sjukehuset på Rjukan før det vart lagt ned.

Ulike regjeringar har dessverre (halde på med) drive skadeleg kuttpolitikk overfor lokalsjukehusa ganske lenge. På ambulanseforum kan ein lese at det i 1972 var 158 fødeinstitusjonar, men at det i dag berre finst 51. Talet på “uplanlagte fødsler utenfor institusjon” aukar. Ambulanseforum.no refererer tal frå Medisinsk fødselsregister som syner at det årleg er rundt 400 kvinner som føder før dei når fram til sjukehus. I artikkelen til ambulanseforum.no seier Jordmorforbundet  at styresmaktene sin sentralisering og nedbygging av fødetilbodet, bryt med dei grunnleggjande menneskerettane til kvinner.

Forskarar i Bergen har sett igjennom alle fødslar i Noreg gjennom elleve år, heile 630.000 fødsler. Til NRK Hordaland seier dei at kvinner som føder utanfor institusjon utan å ha planlagt det, har tre gongar høgare risiko for at barnet døyr under eller i løpet av det første døgnet etter fødselen. Forskarane har òg funne ut at fødande kvinner som har ein reiseavstand på to timar eller meir, har ein høgare risiko enn dei som har kortare reiseavstand. Ikkje noko av dette (burde overraske nokon) er overraskande.

Vi må gjenreise lokalsjukehustilbodet i Noreg. Raudt Sogn og Fjordane vil difor mellom anna arbeide for få på plass fullverdig akuttberedskap og fødetilbod på Nordfjord Sjukehus og Lærdal Sjukehus.

Anders Hamre Sveen
Nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Til toppen