Nordfjella: – Vi treng å vite meir om skrantesjuke. Det vil vere nyttig om ein kan undersøkje levande dyr og få vite meir om korleis ein kan avgrense smitten, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).
Budsjettet til Mattilsynet blir styrkt med fem millionar kroner til kartlegging av sjukdommen, som er påvist hos nokre få villrein og elgar i Noreg. I haust skal det takast 15.000 prøver av dyr frå jakta denne sesongen for å teste for skrantesjuke.
- Les også: Utvidar CWD-testinga
Regjeringa styrkjer også innsatsen når det gjeld forsking på sjukdommen. Det skal blant anna gjerast eit forsøk på å finne ein diagnostisk test til bruk på levande hjortedyr.
Departementet set av to millionar kroner til Veterinærinstituttet for å få ei rask avklaring på blant anna om det finst to ulike stammar av sjukdommen – éin hos rein og éin hos elg – og om desse har ulike eigenskapar. (©NPK)