Årdal: I år vart det for fyrste gong arrangert Alternativ Jul i Øvre Årdal. Det er Henrik Rønningen som står bak tiltaket. Han fortel at kvelden gjekk over all forventing.
– Det var kjempekoseleg og det virka som alle hadde det fint på julekvelden.
Planane for neste jul er klare
På det meste var dei 14 personar, der tre av dei var frivillige.
– Dei som var med tykte at det var ein strålande kveld, og det tykte me som vertskap òg.

På menyen sto det både pinneribba, griseribba, julepølser og medisterkaker. Til dessert var det riskrem. I tillegg har fleire verksemder og privatpersonar bidrege med gåver til deltakarane.
– Alle gåvene falt i smak, og det same gjorde maten, seier han.
Rønningen kan òg melda at han allereie har planane klare for neste jul.
– Me har bestemd oss for å gjera det til ein årleg tradisjon.