FEKK LØYVE: Sunde Resirk har fått løyve til lagring og handtering av avfall i det tidlegare HMR-bygget på Farnes. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
FEKK LØYVE: Sunde Resirk har fått løyve til lagring og handtering av avfall i det tidlegare HMR-bygget på Farnes. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Sunde Resirk fekk løyve

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt Sunde Resirk løyve til å lagre og handtere avfall i det tidlegare HMR-bygget på Farnes.

Øvre Årdal: Det var tilbake i september det kom fram at Sunde Resirk hadde kjøpt det tidlegare HMR-bygget og vil nytta det til lagring og handtering av avfall. Saka er no handsama av fylkesmannen som gir bedrifta løyve.

Bedrifta har planar om å lagre og presse papp, samt behandling av elektriske kablar for å fjerne plastisolasjon frå aluminium og kopar.

Løyvet omfattar også lagring av containerar med vindauge og impregnert trevirke som er klargjort for transport til godkjend sluttbehandling.

Naboane er kritiske

Det var kome inn tre høyringsinnspel til saka, mellom anna frå naboar som var kritiske til støynivå, utslepp og trafikk gjennom sentrum. I tillegg gav Årdal kommune innspel, der dei krevde ein ROS-analyse av brann- og eksplosjonsfare. 

– Ein må ta omsyn til at det vert ein del meir trafikk i bustadmiljøet i Øvre Årdal. All transport til og frå anlegget vil føre til at det vert ein del meir tungtransport, skriv Frank-Runar Øren. 

Ifølgje Sunde Resirk sjølv vil trafikken utgjere omtrent 200 lass i året med eit snitt på fire lass per veke, men dette vil ikkje vere jamnt fordelt gjennom året.

Normal køyrerute er Storevegen og Øvstetunsvegen frå Rallaren til bygget. Denne strekninga er på 1400 meter med gangfelt på begge sider gjennom sentrum, og på den eine sida resten av strekninga. Fartsgrensa er 30 kilometer i timen med mange fartsdumpar.

– Fylkesmannen vurderer at den skisserte transportmengda ikkje er spesielt høg for ein industrieigedom, og me meiner det ikkje er rimeleg å regulere transporten meir enn det som er gjort gjennom støykrava, skriv fylkesmannen.

Støyproblem

Når det gjeld støy, som også er ei bekymring blant naboane, hevdar Sunde Resirk at maskinene dei har søkt om å flytte ikkje representerer problem med tanke på verken støy eller utslepp.

– Alle området i Årdal som er regulert til industriverksemd ligg i nær tilknyting til privatbustader, noko som automatisk vil føre til ulemper for alle partar. Me må som selskap gjere det me kan for å begrense slike ulemper, skriv bedrifta i ein kommentar til høyringsinnspela. 

Dei viser også til klager på støy i Utladalen, eit problem dei løyste i dialog med naboane. 

– Fylkesmannen vurder at sjølv om aktiviteten skal skje innomhus i eit isolert bygg, vil trabsport og lasting og lossing kunne føre til støy. I løyvet er det difor sett støygrenser som samsvarar med støygrensene i industrikapittelet i ureiningslova.

Støygrensene varierer difor ut frå kva tidspunkt på døgnet det er snakk om, og om det er helgedag eller heilagdag. Men fylkesmannen vil ikkje gi pålegg om støyskjerming, slik nabo Arild Johan Røneid anmodar om i sin høyringsuttale.

Uroa for utslepp

Han er i likskap med dei andre naboane også uroa for utsleppet. 

– Sunde Resirk skriv i si tilbakemelding at alt filterstøv vil gå direkte i lukka sekk. Dette er ein aktivitet som skal skje inne i bygget, og eventuelt støv vil difor kunne vere eit arbeidsmiljøproblem heller enn eit problem for ytre miljø.

– Me har difor ikkje sett spesielle støvgrenser i løyvet. Me vil likevel merke at det er eit generelt krav i løyvet at ureining skal reduserast så langt som mogleg. Det er ikkje grunn til å tru at nokon av dei aktivitetane det no vert søkt om vil føre til lukt, skriv fylkesmanenn. 

Til toppen