KJØPT OPP: Sunde Resirk har kjøpt det gamle HMR-bygget nede ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal, men har ikkje bestemt seg for kva dei skal nytta bygget til. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KJØPT OPP: Sunde Resirk har kjøpt det gamle HMR-bygget nede ved Årdalsvatnet i Øvre Årdal, men har ikkje bestemt seg for kva dei skal nytta bygget til. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Sunde Resirk har kjøpt gamle HMR-bygget

Men førebels er det ikkje klart kva dei skal gjera med det.

Øvre Årdal: Som skiltet viser har Sunde Resirk AS kjøpt det gamle HMR-bygget nede ved Årdalsvatnet. Det stadfestar dagleg leiar Jens Vidar Sunde til Porten.no. 

Men førebels er det ikkje klart kva dei skal nytta plassen til anna enn at det dei driv med no er nytenking, seier han.

– Me har kjøpt bygget, og det har mange moglegheiter. Det er mange idear som svirrar, og det einaste eg kan seia er at alle ideane kostar pengar. Me må luka ut for å finna kva som er interessant og realistisk, kommenterer han kort.

Han legg til at dei har mange ballar i lufta og kreative hovud som prøver å finna ut kva bygget kan brukast til. 

– Kva me landar på er ikkje bestemt. 

Til toppen