Her kjem oppskrifta på deilige, lavkarbo knekkebrød - proppfulle av næring! ♥
Du treng:
150 gram hakka valnøtter
150 gram solsikkefrø
150 gram sesamfrø
150 gram linfrø
5 egg
1 ts salt
1 ss fiberhusk (ikkje nødvendig, men gir betre hold i deigen)
Litt kardemomme
Set steikeomnen på 190 grader. Pisk egga saman med salt og kardemomme og bland resten av ingrediensane saman i ein bolle før du tilset eggeblandinga og rører godt. Hell deigen over på eit bakepapirkledd steikebrett, smør jamnt utover og steik i cirka 10 min. Ta så brettet ut, skjær opp knekkebrød i ønska størrelse (eg lagde 30 små) og avkjøl på rist.
Håpar det smakar!