Sunn oppskrift på indisk vegetarcurry

Sunn oppskrift på indisk vegetarcurry

Prøv deg på ei varmande indisk gryte i vinterkulda!

I tillegg til å vere rik på smak og ein fest i munnen, inneheld denne indiske vegetarcurryen massevis av næringsstoff. Den er rik på fiber og protein, og den er naturleg glutenfri.

Til 2 personar treng du:

300 gram kikerter (hermetiske)

100 gram spinat (fersk)

0,5 rødløk

0,5 gul løk

2 plommetomater i båtar

2 kvitløksfedd

0,5 potte koriander

1 ss riven ingefær

0,5 rød chili

0,25 dl smaksnøytral olje 

1 ts garam masala

1 ts spisskummen

0,5 ts gurkemeie

1 dl gresk yoghurt eller matyoghurt

1 dl grønnsaksbuljong

Slik gjer du:

Mos saman olje, gul løk, kvitløk, koriander, ingefær, chili og olje saman med stavmiksar til det får ein glatt konsistens. Fres dette så i ei gryte på middels varme i nokon minuttar.

Tilset hakka rødløk, garam masala, spisskummen og gurkemeie og fres alt i eit par minuttar for du så tilset spinat, tomat og kikerter. I starten kan det sjå ut som at det er overdrivent mykje spinat, men denne vil etter kvart falle sammen og minke i volum. Da tilset du yoghurt og buljong og smakar til med salt og peppar.

Surr curryen på svak varme i 10-15 minuttar til smakane får satt seg. Den kan med fordel stå lengre enn dette dersom du har tid.

Server curryen på indisk vis med ris, raita, naan-brød, grønnsaker eller anna godt. Håpar det smakar! ☺

Til toppen