Sunn oppskrift på kikert-pizza

Sunn oppskrift på kikert-pizza

Prøv denne pizzaen med ein botn laga av kikerter!

Her kjem oppskrifta på ein pizza av den litt utradisjonelle sorten: Kikertpizza!


Til 2 små pizzaer treng du:

- 50 gram kikertmel (kjøpast på helsekost eller i velassorterte matbutikkar)

- 0,5 ts salt

- Krydder etter ønske (eg brukte pepar, kvitløk og paprikakrydder)

- Vatn til passeleg konsistens
 

Slik gjer du:

Ha kikertmelet i ein bolle, tilset salt og krydder og rør godt. Hell så gradvis i vatnet til du har noko som minnar om pannekakerøre. La så røra stå litt, gjerne 15-20 minuttar. 

Set på steikeovnen på 150 grader. Medan du ventar på at den skal bli varm skal du no lage pannekaker av røra: I ei stor steikepanne med litt olje i steiker du 2 tjukke, store pizzabotnar. Ha desse deretter over på eit bakepapirkledd steikebrett, ha på ønska pizzasaus og topping og set pizzaene inn i steikeovnen til osten har smelta. 

Denne gangen gjekk eg for ein enkel, men god variant: Pizza margherita med tomatsaus, mozzarellaost og basilikum. Andre forslag kan vere å lage kvit pizza med saus av kesam, kvitløk og pesto, eller å lage tacopizza med tacokjøtt, mais, løk, tacosaus, nachos og ost.

Håpar det smakar!

Til toppen