Sunn oppskrift: Speltlompelasagne

Sunn oppskrift: Speltlompelasagne

Til 3-4 personar treng du:

400 gram karbonadedeig 
4 ss tomatpuré
1 løk
2 fedd kvitløk
2 dl vatn
Krydder etter smak og ønske: Basilikum, paprikakrydder, salt, pepar etc.
4 speltlomper
400 gram cottage cheese
200 gram lettost

Set først steikeomnen på 200 grader før du steiker karbonadedeigen saman med krydder, finhakka løk og kvitløk. Når løken har blitt blank tilset du tomatpuré og vatn, for så å la dette koke til det blir ein tjukk saus.

Smør så ei ildfast form med litt olje før du legg to speltlomper i botnen. Fyll så på med halvparten av kjøttsausen, topp med halvparten av cottage cheesen og legg deretter på dei andre speltlompene. Legg på resten av tomatsausen og cottage cheesen og avslutt med å toppe det heile med ost og litt ekstra krydder.

Steik lasagnen midt i omnen i 20-30 minuttar (varierer fra ovn til ovn) og ta den ut når osten er smelta.

Bon appétit ♥ (eller "Buon appetito", som dei seier i lasagnens heimland!)  

 

Til toppen