Sunn oppskrift: Sukkerfri kanelbollar

Sunn oppskrift: Sukkerfri kanelbollar

I den siste utgåva av trenings- og kosthaldsbloggen deler Vibeke oppskrifta på sunne kanelbollar som du kan nyte med godt samvit.

Du treng:

4 dl havremel
2 dl speltmel
1 dl sukrin gold/sukrin
(Valgfritt: 10-15 dropar stevia vanilje)
1 ts kardemomme
1 pakke tørrgjær for søt bakst
1 ts honning
1 dl melk
45 gram cottage cheese
2 egg
40 gram lettmargarin
Kanel, sukrin og meir lettmargarin til smøring
1 egg til pensling

Framgangsmåte:

Start med å blande havremel, speltmel, sukrin gold, kardemomme og tørrgjær godt saman, før du deretter varmar opp melka i ein kjele og tilset honning (+ stevia). Køyr så egg og cottage cheese i ein foodprosessor eller med stavmiksar til det blir heilt uten klumpar. Bland så alt utanom lettmargarinen saman, jobb godt med deigen (den blir litt klissete, men det gjer bollane saftige!), og tilset til slutt lettmargarinen og kna den inn. Sett så deigen til heving ca. 30 minuttar.

Når deigen har heva kjevlar du den ut i GODT med havre- eller speltmel, kna melet gjerne litt inn i deigen om den er veldig klissete. Rull deigen til ei pølse som du deretter kuttar opp i 16 små bitar. Legg bitane på eit bakepapirkledd steikebrett, trykk dei litt flate og la dei heve i 30 minuttar til.

Pensle til slutt bollane med egg, og så er det tid for steiking! Dei skal steikast midt i ovnen ved 180 grader til dei blir gyldne, for meg tok det ca. 15 minuttar, men det vil variere fra ovn til ovn. Prøv deg fram - og god apetitt!

Til toppen