SUNNE PEPARKAKER: I jula er alt lov, men det kan jo hende at desse sukkerfrie peparkakene fell i smak. Foto: Vibeke Vigdal Øren.

Sunn oppskrift: Sukkerfri peparkaker

Desse peparkakene kan vere eit sunnare innslag i den tradisjonelle julebaksten.

Det nærmar seg jul, og du har kanskje allereie fylt kakeboksane med dine julekakefavorittar. Peparkaker er ofte ein gjengangar i julebaksten, og er gjerne noko ein forbinder med jul. Her får du oppskrifta på peparkaker - minus sukker og minst like gode på smak.

Oppskrifta gir om lag to brett med peparkaker

Du treng:
80g meierismør
30g yaconsirup, fibersirup eller honning
70g sukrin gold
0,5 ts bakepulver
2 ts kanel
1 ts kardemomme
0,5 ts nellik
0,5 ts ingefær
1 egg
ca. 200g speltmjøl eller kveitemjøl

Framgangsmåte: 

Set steikeomnen på 175 grader
1. Smelt saman smør, sirup/honning og sukrin gold på svak varme. La blandinga avkjøle seg i cirka 10 min.
2. Tilset bakepulver, krydder og egg. Bland godt før du deretter tilset litt og litt mjøl til ein jamn og relativt fast deig.
3. Peparkakedeiga kan med fordel stå natta over i kjøleskap, men du kan også setje den i frysaren i 20 min.
4. Strø mjøl på kjøkenbenken, kjevle ut deiga så tynt som mogleg og stikk ut peparkaker. Fordel peparkakene på bakepapirkledde steikebrett og steik midt i omnen i 8-10 min. Steiketida vil variere fra omn til omn, følg med undervegs til kantane er gyldne.
5. La peparkakene stå litt på steikebrettet og avkjøl deretter på rist. Når peparkakene er avkjølt blir dei sprø.

Pyntast med melis og nonstop og oppbevarast i kakeboks ☺​

Oppskrifta er utarbeidd frå Linda Stuhaug sin blogg.

Til toppen