Sunn proteinkaffi på 1-2-3

Sunn proteinkaffi på 1-2-3

Sjå Vibeke sin framgangsmåte på sunn, sukkerfri proteinkaffi!

Fleire har sikkert lagt merke til at det blir nokre koppar med proteinkaffi på meg i løpet av veka. Ikkje ein einaste morgon utan! Den er ferdig på null komma niks, smakar som verdas beste kaffe mocca og mettar også godt. Her kjem framgangsmåten:
 

1. Ha 30 gram proteinpulver med ønska smak i eit stort krus. Eg likar å variere mellom sjokolade- og vaniljesmak!


2. Bland pulveret med litt vatn til du får ei passe tjukk blanding. Kaffien er søt nok i seg sjølv, men om du er søtmoms (som meg) kan du også ha i nokre dropar stevia eller anna søtning for litt ekstra sødme og smaksvariasjon. Eg varierer mellom smakane mørk sjokolade, karamell, appelsin, mandel og hasselnøtt.


3. Hell i nytrakta kaffi mens du heile tida rører godt. Dette er veldig viktig, då proteinpulveret elles vil klumpe seg.


4. Rør litt ekstra, og så er alt klart til å nyte ein deileg kopp med proteinkaffi ♥

 

Til toppen