SUNN SKEPSIS: Det heng så mange spørsmål i lufta rundt Vestlandsregionen at ein lett kan forstå skepsisen, men det kan vere lurt å vere med på leiken likevel. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
SUNN SKEPSIS: Det heng så mange spørsmål i lufta rundt Vestlandsregionen at ein lett kan forstå skepsisen, men det kan vere lurt å vere med på leiken likevel. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

MEININGAR

Sunn skepsis til Vestlandsregion

Men det kan vere lurt å henge med på prosessen likevel.

LEIAR: Det var interessant å sjå vedtaka i kommunestyra i Årdal og Lærdal då intensjonsplanen for Vestlandsregionen vart handsama nyleg. Det bikka begge veger på knappast mogleg vis. 

Og i lufta hang det mange spørsmål. 

I løpet av dei neste dagane vil det kome fleire svar når fylkestinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skal bestemme seg. I berre det sistnemnde fylket er tilrådinga positiv. For Hordaland er det ikkje klart enno. 

Fram til no har engasjementet for regionreforma ikkje vore den store blant folk. No nærmar det seg avgjerd og alle parti og grupper byrjar å mobilisere, men for folk flest verkar dette uinteressant. Det vert vel i grunnen understreka når det som har engasjert mest er skriftspråket: Nynorsk eller bokmål. Svaret er vel opplagt!?

Kva mistar me? Kva får me? Det er det ingen som kan svare på. Jo, me veit at samferdsle og kultur skal styrast herfrå, og at fylkesmannsembetet skal ha hovudkontor her. Men kva med nye oppgåver?

Politikarane kan ikkje spå framtida meir enn nokon andre, men utviklinga er jo tydeleg. Den syner at Sogn og Fjordane har eit lite folketal med store geografiske avstandar og utfordringar, og det er ikkje hit folk flest strøymer til. Sjølv om ingen av oss kan skjønne det, så skjønnar me det likevel.

På toppen av dette skal det kuttast 250 millionar kroner.

Men vert alt så mykje betre om ein slår seg saman? Forhåpentlegvis ja, sikkert ikkje veldig. 

Senterpartiet i hovudsak utviser ein ganske sunn skepsis til dette. Kva skjer med dei vidaregåande skulane? Kva skjer med folkedemokratiet og moglegheit til å påverke? Altså, kva har Aurland og ein eller annan kommune på Jæren til felles? Du kan jo spørje deg sjølv kor godt du kjenner til korleis ting vert styrt og fungerer i Rogaland.

Lokal- og fylkespolitikk har i det minste i seg ein del kjensler og sut for plassar, men viss du trur ein politikar frå Stavanger bryr seg om at ein vidaregåande skule i Sogn vert lagt ned, så er det ein fare for at du kan gå på ein smell. Den politikaren vil nok ha eit langt kjøligare forhold til slike saker.

Så var det det store biletet. Den kanskje viktigaste intensjonen med å skape ein Vestlandsregion er at han skal vere ei motvekt til Oslo-gryta. Og det må til. For er det nokon som bryr seg endå mindre om kor skulane ligg i fylket vårt, så er det austlendingane. Partia driv meir og meir by-politikk, og i dei store mediehusa er det dette ein fokuserer på fordi hovudkontora deira ligg i Oslo. Det er ganske sikkert at eit bilfritt Oslo har fått langt meir spalteplass enn Vestlandsregionen i VG.

Det er ikkje sikkert at eit samarbeid med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er det beste, men no er det iallfall det ein konkret skal ta stilling til. 

Det kan uansett vere lurt å vere med i diskusjonane og ha ei hand på rattet, som fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), sa det så fint. For Sogn og Fjordane har faktisk kome ganske bra ut av forhandlingane. 

Ein ting er iallfall sikkert. Dersom det ikkje kjem nye oppgåver til, så er det ingen grunn til å slå seg saman. 

Og då fell ein i grunnen ned på eitt enkelt spørsmål: Har du tru på at Sogn og Fjordane kan stå åleine i framtida også?

Svaret på det, vil ha mykje å seie for om ein er for eller mot reforma.

Til toppen