Sunne og mettande havrepannekaker

Sunne og mettande havrepannekaker

Her kjem ei superlett oppskrift på sunne og mettande pannekaker som er fri for både gluten og sukker.

Du treng:

- 50 gram havremel (evt. havregryn som du maler til mel)
- 1 scoop vaniljeproteinpulver (evt. 30 gram meir havremel og ekstra søtning)
- 1 ts bakepulver
- 0,5 ts salt
- Vatn til passe konsistens
- Steviadropar etter smak (eg er ein søtmons, og brukte 12 dropar)
- 1 egg

Framgangsmåte:

Bland alle dei tørre ingrediensane i ein bolle og tilset vatn litt etter litt til du får ei passe tjukk røre. Ha så i steviadropane før du til slutt vispar inn egget. Steik pannekakene på middels varme i steikepanna før du til slutt toppar dei med ønska topping før servering. Eg gikk for skyr med blåbær, valnøtter, kanel og sukrin - kjempegodt! ☺

 

Til toppen