Sunne rundstykke med havre og cottage cheese

Sunne rundstykke med havre og cottage cheese

For deg som vil ha med deg noko ekstra sunt (og godt) i lunsjboksen.

Her kjem oppskrifta på rundstykkene eg laga i helga, som blei etterspurt på instagram. Du treng minimalt med ingrediensar, du lagar dei på 1-2-3 og dei smakar fantastisk godt! Det at rundstykkene er naturleg glutenfri og gir deg mykje næring er sjølvsagt også ein bonus. 

Til ca. 20 stk treng du:

800 gram cottage cheese
800 gram havregryn
8 egg
2 ts bakepulver
1 ts salt
Valgfritt: 1 ss sukrin, 1 ss kardemomme (gir kjempegod smak!)

Framgangsmåte:

Ha alle dei tørre ingrediensane i ein bolle og rør rundt. Ta så cottage cheese og egg i ein separat bolle og bland saman ved hjelp av ein stavmiksar/blender. Til slutt tilset du det tørre i eggeblandinga og miksar det saman. Form til rundstykke på bakepapirkledde steikebrett og steik dei i ovnen ved 200 grader i cirka 20 min. 

Rundstykkene er like gode med både salt og søtt pålegg, og kan serverast som tilbehør til suppe, gryterett eller liknande. Håpar det smakar!

 

Prøvar du deg på oppskrifta, så ta gjerne eit bilete og del det med oss på Instagram ved å merke det med #mittporten

Til toppen