Sunnfjording innstillt til gjenval i AUF sitt sentralstyre

Førdianaren Reidar Fugle Nordhaug kan få sin andre periode.

Vestland: Etter 10 år utan representasjon frå AUF i Sogn og Fjordane i AUF sitt sentralstyre, vart Reidar Fugle Nordhaug frå Sunnfjord valt inn i AUF sitt sentralstyre på Landsmøtet i 2018.

To år seinare er Reidar på nytt innstilt, no høgt prioritert på lista til nytt sentralstyre, og denne gongen for AUF i Vestland. 

Det kjem fram i ei pressemelding. 

– Kjekt å bli spelt inn

Nordhaug synes det er kjekt å bli spelt inn. 

– Eg har brukt mykje tid på å byggje organisasjon og grasrotbevegelse desse to siste åra. Det er veldig triveleg at valgkomiteen mßeiner at arbeidet eg har lagt ned tilsvarar fornya tillit, seier han ifølgje pressemeldinga. 

Han takkar både AUF Vestland, og valkomiteen. 

– Det er veldig kjekt å oppleve ny tillit. Både frå AUF i Vestland som spelte meg inn, og frå valkomiteen som innstilte meg til AUF sitt sentralstyre i to nye år, seier Nordhaug.

Til toppen