SKI: Gard Reppen Vigdal sin innsats i skisporet førte til ein sølvmedalje i klassisk. Foto: Børre Øvstetun. 
SKI: Gard Reppen Vigdal sin innsats i skisporet førte til ein sølvmedalje i klassisk. Foto: Børre Øvstetun. 

– Super innsats i skisporet

I helga var det krinsmeirsterskap i ski. 

Årdal: I helga deltok skigruppa IL Jotun på krinsmeisterskapet på Langeland stadion i Førde.

IL Jotun stilte med 10 utøvarar på krinsmeisterskapet. Børre Øvstetun er trenar for skigruppa og han er godt nøgd etter helga.

– Alle utøvarane frå IL Jotun synte framgang frå tidlegare renn og frå krinsmeisterskapet i fjor, seier Øvstetun.

Skigruppa har hovudfokus på utvikling og forbetring av resultata. Øvstetun fortel at utøvarane til IL Jotun er ein gjeng med treningsivrige skiløparar.

 – Visjonen vår er å utvikle mange, gode og glade skiløparar.

Prestasjonar

– Under krinsmeistarskapet synte alle IL Jotun sine skiløparar framgang, og dei gjorde alle ein super innsats i skisporet, understrekar Øvstetun

IL Jotun fekk med seg 2 medaljar heim. Søndag tok Gard Reppen Vigdal sølvmedalje i klassisk løp i klasse G13. Eirik Indrebø fekk bronsemedalje på sprinten i klasse G15 laurdag. Indrebø reiste vidare til Voss same dag, der tok han sølv i skiskyting.

Sosial tur

På slike turar plar IL Jotun overnatte på hotell og gjer turen til ei helg med mykje ski og hygge.

Han fortel at dei ynskjer at dette skal vere ein triveleg tur for alle, både skiløparar og foreldra som er med. 

– Andre skilag bur på same hotell som oss. Dette gjer at ungdommane blir kjende med kvarandre på tvers av skigruppene.  

Øvstetun opplyser om at til helga er det skirenn på Seimsåsen. Dette er eit samarbeid mellom Årdal sine skigrupper, IL Jotun og ÅTIL.

– Me oppfordrar alle årdøler om å ta turen til Seimsåsen.

Han legg til at skihytta i Fardalen ikkje er open laurdag når det er renn på Seimsåsen. 

Til toppen