Månen er nemleg «større» enn den har vore på nesten 70 år. Nei, den har ikkje vakse - men den er nærare jorda enn den har vore sidan 1948 - «berre» 356 000 kilometer frå jorda. Difor framstår den som sju prosent større og lyser femten prosent kraftigare enn normalt, skriv TV 2.
Eit skår i gleda for den astronomiinteresserte er at vêret ikkje spelar på lag - tjukt skydekke over dei sørlege delene av landet gjer nemleg at det først og fremst er folk i Nord- og Midt-Noreg som har best tilhøve for å sjå supermånen.
– Der er det ikkje like mykje skyer som i Sør-Noreg, seier Camilla Albertsen, meteorolog i Storm Geo.
I dag, måndag er det fullmåne og deretter vil månen gå over i ne. Ettersom det i kveld er meldt skya og utover natta ein heil del regn i Indre Sogn, ser det altså ikkje så bra ut med tanke på å få sett dette fenomenet i full blom.
Nedbør og fallande temperaturar

Regnet held fram tysdag - og det blir mildt, seks-sju grader i låglandet.
– Fronten passerer Vestlandet tidleg på dagen. Bak den går nedbøren over til byger, og temperaturen søkk litt att, seier Storm-meteorolog Olav Krogsæter til TV2.
Onsdag er det meldt rundt 0 grader mot kvelden - og snø heilt ned i dalbotnane. Regn og påfølgjande kaldare vêr med snø vil seia «optimale» tilhøve for glatte vegar.
«Nullføret» vil halda seg inn mot helga, og ettersom nedbøren i løpet av veka kjem som snø i fjellet er det bra sannsyn for at det finst skiføre i høgden når helga kjem.