PERLEMÅL: Mathias Flo vart kampens store spelar då Fjøra slo Årdal i cupen.
PERLEMÅL: Mathias Flo vart kampens store spelar då Fjøra slo Årdal i cupen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Superscoring frå Flo då Fjøra slo Årdal

Med to mål, det eine ein volley i krysset frå 25 meter vart Mathias Flo den store helten i kveldens lokale cupoppgjer.

Fjøra - Årdal FK: 3-1 (0-0)

Det vart på mange måtar ein jamnspelt kamp, der Fjøra var skarpast framfor begge måla. Det beste eksempelet kom ved fjøraspiss Mathias Flo, som varma eit blåfrosent publikum med eit vanvittig stjernetreff ti minutt ut i andreomgang.

– Det er alltid godt å slå Årdal. Det er folk du kjenner både på og utanfor bana, så det er stor prestisje i ein slik kamp, konstanterte han etter at sigeren var sikra.

Les også: Fjøra får nye krav i fleisen: – Glad eg er trenar
Les også: Fjøratrenaren har henta fleire solide forsterkingar

Flo med stjernetreff frå distanse

Første omgang var jamn og sjansefattig. Rett nok hadde fjøraspelarane nok av skotforsøk, men det var aldri i nærleiken av å bli farleg. Då var Årdal kvassare dei få gongane dei yppa seg. Mållaust til pause gav likevel eit rett bilete av kampen.

Det måtte ein prestasjon av det spektakulære slaget til for å sprekke nullen i det ufyselege vêret i Sogndal. Ti minutt ut i kampen klinka Mathias Flo til med ein volley frå 25 meter. Presisjonen var det heller ikkje noko å seie på: ballen klistra seg inn i den venstre vinkelen, fullstendig utagbart for keeper.

– Eg tek ballen ned på kassen, deljar til med vrista og ballen fyk inn i vinkelen. Det er ikkje alltid du får til eit så god treff, men når du gjer det så kjennest det utruleg godt, seier målscoraren sjølv.

Trenar Håvard Hatle seier han har sett Flo gjere liknande kunstverk mange gonger.

– Det er berre å reise oftare på treningane våre, så skal du få sjå fleire slike. Han har ein god skotfot, så det der er ikkje uvant kost for oss, seier han.

Viktig økonomisk dimensjon ved cupsigeren

Etter målet opna kampen seg opp. Like etter kunne Fjøra ha dobla leiinga, men åleine med keeper greidde ikkje Ørjan Sørflaten å finne vegen til nettmaskene. 

Etter dette verka Årdal å spele seg inn i kampen, men eit nytt Flo-mål og ein soloprestasjon frå Ørjan Sørflaten gjorde at kampen i realiteten var avgjort ti minutt før slutt.

Les også: Han held fram som leiar i Årdal Fotballklubb

Eitt trøstemål skulle Årdal få. Eit frispark ute på kanten vart plutseleg farleg då den sterke vinden tok tak i det høge innlegget. Keeperen vart fullstendig utmanøvrert og fomla i tillegg ballen over streken då han prøvde å hente seg inn att.

Då dommaren bles i fløyta stod det 3-1 til Fjøra og dei er med det vidare i cupen. Ein viktig siger mot ein lokal rival, men ikkje minst ei skikkeleg økonomisk gulrot for ein liten klubb med store ambisjonar.

– Denne sigeren utløyser ein betydeleg sum for oss. Vi har kome på eit nytt nivå og det kostar. Dette gjer at dei som styrer med økonomien i klubben kan sove med eit litt rolegare hjarte, seier Hatle.

Til toppen