KLAR: Supportarleiaren er klar for den nye sesongen og håpar å sjå laget sitt i Eliteserien neste år igjen.
KLAR: Supportarleiaren er klar for den nye sesongen og håpar å sjå laget sitt i Eliteserien neste år igjen. (Foto: Privat)

Supportarleiaren klar for den første heimekampen

På søndag er Saftkokaradn å finne på Fosshaugane Campus igjen. Vidar Vadseth gler seg og har trua på ein spennande sesong.

Sogndal: – Det er deileg å endeleg komma i gang igjen med den nye sesongen, seier Vidar Vadseth leiar for Saftkokaradn.

I morgon skal Sogndal spela sin første heimekamp denne sesongen mot Tromsdalen. For Vidar Vadseth og Saftkokaradn betyr det at dei som vanleg er å finne på tribuna.

Sesongens første kamp borte mot Ålesund på tysdag endte mållaust. Håpet no er at laget tar sesongens første tre poeng på heimebane.

– Dette blir ein spennande sesong. For Saftkokaradn er det ikkje noko forskjell om Sogndal spelar i Eliteserien eller Obos-ligaen. Me gir oss ikkje. Optimismen er stor og alle er klare.

Eit ungt lag

Vadseth har følgt godt med utviklinga til Sogndal under sesongoppkøyringa og som vanleg har fleire spelarar forsvunnet frå stallen. Namn som Teniste, Koomson, Utvik, Wæhler og no sist Hovland er ikkje å finne tilbake i år. 

– Det er eit voldsomt ungt lag, men dei er svoltne spelarar. Det kunne alltid ha blitt henta fleire spelarar, men dei har heller valgt å satse på dei unge. Mange av dei vil nok bli betre i år. No har jo dei fleste hatt eitt år med Eliteserie erfaring og skal spela eit nivå lågare. Eg tek sikte på at dei skal vera på toppen heilt til slutt.

Til toppen