DRASTISK FORSLAG: Vidar Vadseth i Saftkokarane vil at klubben han brenn for skal gje vekk delar av overskotet kvart år. Grunnen er den aukande økonomiske avstanden mellom toppfotballen og resten av idretten i bygda.
DRASTISK FORSLAG: Vidar Vadseth i Saftkokarane vil at klubben han brenn for skal gje vekk delar av overskotet kvart år. Grunnen er den aukande økonomiske avstanden mellom toppfotballen og resten av idretten i bygda. (Foto: Privat)

Supportarleiaren vil at klubben han heiar på skal gje vekk delar av overskotet

I Sogndal har fotball blitt millionbutikk, medan resten av idretten i bygda slit med å få endane til å møtast. Saftkokar-leiar Vidar Vadseth er uroa, og føreslår ei drastisk løysing.

Sogndal: Leiaren av supportarklubben Saftkokaradn er uroa over den aukande avstanden mellom toppfotballen og resten av idretten i bygda. Han trur det tærer på både dugnadsviljen og entusiasmen for laget. 

– Eg har eit inntrykk av at folk byrjar å venda fotballaget ryggen no. Det er mange eg kjenner som har slutta å gå på kamp. Det er ikkje så fæla interessant lenger, når det har vorte som det har vorte, seier Vidar Vadseth.

Han vil no gå drastisk til verks for å få utjamna dei økonomiske forskjellane.

Oppmodar om solidaritet

I går sende han inn løysingsforslaget til det komande årsmøtet i Sogndal Fotball i mars. Vadseth meiner klubben bør gje vekk tjue prosent av overskotet til idrettslaget kvart år.

– Det er ikkje fantasisummar det er snakk om. Eg synst Sogndal Fotball bør vera så solidariske at dei deler litt av kaka med hovudlaget, seier Vadseth.

Han viser til det historiske faktumet at klubben i si tid fekk festeretten og bruksretten til Fosshaugane Stadion gratis av idrettslaget. I dag har Campus blitt ei pengemaskin, seier Vadseth, og viser til at Sogndal Fotball har passert 100 millionar kroner i inntekter.

Fotballen er allereie ein butikk få andre idrettar kan samanlikna seg med. Men gode spelarar veks ikkje i eit vakuum, minner Vadseth om.

– Kva gjer klubben neste gang det dukkar opp ein ny Eirik Bakke, ein spelar som genererar Sogndal Fotball fleire titals millionar i inntekter? Eirik har sjølv takka både handballen og skigruppa for at han vart så god som han vart. Men så er det fotballen som stikk av med alle pengane, seier Vadseth.

Fryktar ikkje fotballen skal li

Som fotballsupportar er han ikkje redd for att klubben han brenn for skal li sportsleg av det han føreslår. Tvert om trur han alle vil tena på at samarbeidsklimaet i bygda blir betre. I dag er forholdet mellom fotballgruppa og idrettslaget anstrengt, meiner Vadseth. Han har snakka med mange som opplever at fotballen alltid blir prioritert, medan det er vanskeleg å få til noko utanom.

– Foreldre som jobbar dugnad føler ikkje lenger at me står i det i lag, at me jobbar mot det same målet. Eg er oppteken av at dei skal få litt att for den enorme dugnadsjobben dei legg ned, seier han.

For at forslaget skal bli vedteke treng han å få fleirtalet av medlemmene på årsmøtet med seg. Vadseth tør ikkje spå utfallet av ei eventuell avstemming.

– Det veit eg ikkje, det får bli opp til årsmøtet å avgjera, seier Vadseth.

Styreleiar Tor Arne Ness seier intensjonen til forslaget er god, men at det er ei samansett problemstilling og at det truleg er vanskeleg å gjennomføra i praksis.

Utover det vil han ikkje kommentera saka no, fordi dei ikkje har rekt å diskutera ho i styret enno.

Til toppen