Sogndal/Hodlekve: I helga var det duka SSF-cup i langrenn. Arrangør, Tommy Harjo, fortel at arrengementet gjekk knirkefritt føre seg.
– Rennet i dag blei avvikla i kaldt og flott vêr med strålande forhold. Løypene kunne ikkje ha vore særleg betre enn det dei var i dag.
Det var 110 startande frå heile fylket, med deltakarar frå 8 år og opp. Harjo fortel at det er litt færre enn det pleier.

– Det skyldast at det kolliderte med KM i skiskyting og Noregscup for junior.
Yrande folkeliv
Harjo fortel vidare at det var eit yrande folkeliv på skisenteret og kafeen i SIL-hytta.
– Det var proppfullt av eit par hundre langrennsløparar, støtteapparat og eit drøss med alpinistar frå bakkane.
Han gjev ein stor takk til Sogndal Skisenter.
– Dei sørgjer for gode løyper og eit godt anlegg, og dei stiller opp både tidlig og seint for at alle skal få ein best mogleg opplevelse.
Resultata frå cupen på Hodlekve finn du på nettsida til Sogndal Idrettslag.