TAPTE: Sogndal tapte 2-1 borte på Raufoss. Illustrasjonsfoto
TAPTE: Sogndal tapte 2-1 borte på Raufoss. Illustrasjonsfoto (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Sur dag på Raufoss for Sogndal

Tapte 2-1 på Vestre Toten.

Raufoss: Kampen mot åttandeplass Raufoss enda ikkje som håpa for Sogndal laurdag. Fleire tabbar av eigne spelarar og ein kontroversiell offside gjorde at sogndølene må reise heim med null poeng frå Austlandet. 

Sogndal ligg dermed seks poeng bak tabelleinar Tromsø etter 21 kampar. Lillestrøm pustar Sognal i nakken med 38 poeng og ein kamp mindre spelt. 

Vinn Lillestrøm mot Ranheim søndag vil dei gå forbi Sogndal på tabellen med ein kamp mindre spelt. Då går Sogndal ned frå den viktige andreplassen. Den gir automatisk opprykk til Eliteserien.

Sjølvmål etter 16 minutt

Litt over kvarteret var spelt då Andreas Hoven skåra sjølvmål etter eit godt slått frispark frå Raufoss-spelar Emil Breivik. Hoven er uheldig og set ballen i eige nett etter å ha blitt forstyrra av ein Raufoss-spelar.

Etter 38 minutt spelt fører ein forsvarstabbe frå Sogndal til at Raufoss sin Fillip Brattpark kjem aleine gjennom. Ungutten skårar aleine med keeper. 

Med 20 minutt igjen på klokka vart Sogndal avvinka for ein offside etter at Tomas Kristoffersen breisida ballen i mål. 

Med berre åtte minutt att av kampen fann Sogndal endeleg nettingen. Etter ei dårleg klarering landar ballen hjå Sivert Mannsverk. Han set den kontant i lengse hjørnet. Dermed stod stillinga 2-1. Noko som også vart sluttresultatet. 

Til toppen