I FARTA: Sivert Mannsverk var ein av få som leverte til godkjent for heimelaget i tapet mot Sandnes Ulf måndag.
I FARTA: Sivert Mannsverk var ein av få som leverte til godkjent for heimelaget i tapet mot Sandnes Ulf måndag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Mannsverk & co gjekk på ny smell

Først etter fem bytte vakna heimelaget Sogndal, men då var kampen allereie avgjort.

Sogndal-Sandnes Ulf: 0-2 (0-0)

Før avspark handla det om å koma tilbake på vinnarsporet for Sogndal, som for ei veke sidan tapte borte mot nyopprykka Grorud.

Første omgang var prega av duellar, og lite finspel. Heimelaget forsøkte å skapa, men upresise pasningar øydela litt for ofte. Bortsett frå nokre halvsjansar greidde ikkje nokon av laga å produsera det heilt store.

Andreomgang starta lovande for Sogndal, men i staden fekk dei eit mål i fleisen då Markus Grødem prikka inn eit frispark via stanga. Nedturen heldt fram ti minutt seinare då André Södlund såg ut til å skru eit hjørnespark rett i nettet. Ved begge måla var det mogleg å stilla spørsmålsteikn ved keeperspelet til Renze Fij.

Trenar Eirik Bakke gjorde ikkje mindre enn fem bytte i andreomgang, inkludert eit trippelbytte kvarteret før slutt. Etter dette heva laget seg fleire hakk. Sju minutt stod att på kampuret då innbytar Markus Brændsrød avslutta i nettveggen etter eit innlegg på bakerste stolpe. Like etter stod tverrliggaren i vegen for ei redusering ved Alioune Ndour, óg han innbytar.

Det siste kvarteret var innsatsen til Anders Johannessen Nord eitt av fleire lyspunkt, men sluttspurten kom for seint. No står Sogndal med to strake tap, etter like mange sigrar i seriestarten.

Til toppen