AMPER STEMNING: Det vart til tider ampert på Jotun Stadion i dei mange duellane i den fyrste heimekampen i haustsesongen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
AMPER STEMNING: Det vart til tider ampert på Jotun Stadion i dei mange duellane i den fyrste heimekampen i haustsesongen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Surt tap for Årdal FK

Haustsesongens fyrste kamp gjekk av stabelen på Jotun Stadion laurdag, men det vart ingen poeng til heimelaget denne gongen. 

Årdal FK - Kristiansund FK: 1-2

I fyrste omgang var det fleire målsjansar hjå begge lag, og trettifire minuttar ut i omgangen sendte Christian Stedje ballen i gjestane sitt mål til jubel og glede både på og utanfor bana.

Artikkelen held fram under biletet.

DOMINERTE: Kristiansund FK dominerte på Jotun Stadion i store delar av fyrste omgang.
DOMINERTE: Kristiansund FK dominerte på Jotun Stadion i store delar av fyrste omgang.

Trass i scoringa frå heimelaget, var det gjestane som dominerte i fyrste omgang. Det haldt dei fram med etter pausen, då Kristiansund FK overraska heimelaget med ei målscoring rett etter start. 

– Det er på heimebana me skal henta poenga. Uansett kven det er som kjem hit, så skal me vera med å kjempa, seier trenar Ivan Øy til Porten.no etter kampen. 

Omsetje til poeng

Berre to minuttar ut i andre omgang klarar Kristiansund FK å utligna målresultatet. Ein halvtime seinare set gjestene ballen i mål endå ein gong, og dette resultatet vart ståande til kampen var slutt.

– I fyrste omgang vart me springande litt i mellom. Kristiansund hadde ballen veldig mykje, og dei fekk lov til å gjere det, seier Øy. Vidare forklarar han at årsaka til dette var for store avstandar både mellom og i ledda.

Artikkelen held fram under biletet.

GAV DEI LOV: Ivan Øy meiner dei gav motstandarane lov til å ha eit forsprang gjennom delar av kampen.
GAV DEI LOV: Ivan Øy meiner dei gav motstandarane lov til å ha eit forsprang gjennom delar av kampen.

I pausen vart dette eit tema, og laget vart einige om at dei skulle ta tak i det i andre omgang. – Det tykkjer eg at me fekk til, etter den scoringa som kom like etter start.

Øy seier det var godt å koma i gang att, og at laget har venta på dette. – Me ligg i ein sånn posisjon at me veit me må jobba hardt for å heva oss. Me veit at me har det i oss, og me må få dette ut for å kunne omsetje det til poeng.

LES OGSÅ: Har trua på haustsesongen

Til toppen