Sogndal: Søndag spela Sogndal mot Strømsgodset på Fosshaugane, og kampen enda med tap for Sogndal. Sogndal ligg no på tiende plass på tabellen, medan Strømsgodset ligg på sjuande plass.
Sogndal - Strømsgodset: 0-1
I første omgang gav sjansane og skota på mål ingen resultat, omgangen var mållaus.
Etter omlag 60 minutt får Sogndal ein kjempesjanse. Raitala skyt knallhardt frå langt hold, og ballen går i tverrleggaren og ned i bakken før den blir avklart. Etter 80 minutt tar Koomson eit bra frispark, men ballen smell rett i stolpe.
Andre omgang er prega av mange sjansar, men kampens mål kom i siste minutt. Eirik Ulland Andersen setter inn mål for Strømsgodset. Han skrur hjørnesparket rett i mål.
Kampen stod lenge uavgjort, men i siste minutt mista Sogndal sitt poeng. Strømsgodset kunne reise heim med tre nye poeng.