KAMP: Syril-jentene tapte kvartsfinalen mot Langfjorden 4-1 fredag føremiddag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
KAMP: Syril-jentene tapte kvartsfinalen mot Langfjorden 4-1 fredag føremiddag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Surt tap for Syril-jentene

Etter å ha vunne alle kampane sine fram mot fredag, måtte jentene frå Leikanger sjå seg slått av Langfjorden FK i kvartfinalen.

1/4 finale: Syril IL - Langfjorden FK  1-4

Oslo:  – Dette var veldig tungt, seier trenar Steinar Henjum etter at Syril-jentene tapte mot Langfjorden i kvartfinalen under Norway Cup.

– To ting gjorde at me tapte: Me var skikkeleg slitne og Langfjorden var eit skikkeleg godt lag. Eg trur nok dei kjem til å komma til finalen, seier Henjum.

Les også: No er det vinn eller forsvinn

Slitne og skuffa

15- og 16-åringane frå Syril starta kampen mot Langfjorden med å ta leiinga i første omgang. Men deretter klarte motstandarlaget å putta ballen i mål fire gonger på rad i Leikanger sitt ballnett.

– Me møtte eit utruleg bra lag. Fram til i dag har det gått svært flott for jentene og dei har vunne alle dei fem kampane dei har spelt. Jentene har gitt alt dei har og aldri gitt opp, seier Henjum.

Mange av jentene var slitne allereie før kampen starta etter å ha spelt opp til fleire kampar dagleg sidan Norway Cup starta. Fem av jentene kom direkte frå Dana Cup og i første omgang av fredagens kamp, vart tre av jentene skada.

 – Jentene er slitne og me fekk det litt for tøft. Det vil nok følast litt betre etter me har letta, avsluttar Henjum.

TAP: Syril sette det første målet, men tapte kampen 4-1.
TAP: Syril sette det første målet, men tapte kampen 4-1.

– Ekstra seigt å tapa

Mange av jentene tok til tårene då dommaren blåste av kampen. Norway Cup eventyret var dermed over for jentene frå Leikanger, men laget valte å bli verande i Oslo ein dag ekstra for å slappa av og kosa seg.

– Akkurat no går det ikkje så fint. Dette er den einaste nedturen me har hatt på Norway Cup, men då er det samstundes ekstra seigt. Me har hatt bra innsats og alle har jobba hardt under heile cupen. Det er derfor me har vunne alle kampane fram til i dag, seier Stine Gjerde (16) etter kampen.

Ho forklarar at dei ikkje fekk alt til å stemma heilt i første omgang.  I starten køyrde motstandaren hardt, men Syril kom seg inn i kampen og fekk då det første målet.

– Men då dei fekk sitt tredje mål,  datt me ned. I pausen snakka me om at me måtte komma oss opp på bana, vera meir positive og aggressive for å vera eit samla lag. Dette gjorde me også og spelte ein betre andre omgang, men me klarde ikkje henta inn igjen måla. Til tider hadde me godt spel, men me tapte litt på duellane, seier Gjerde.

Jentene syns likevel at kvartfinale er bra på 11-ar under Norway Cup og forsikrar om at dei nok kjem til å sjå positivt på opplevinga seinare.

SLITNE: Jentene frå Leikanger var skuffa etter fredagens tap under Norway Cup.
SLITNE: Jentene frå Leikanger var skuffa etter fredagens tap under Norway Cup.

– Hardt, men moro

Medleiar for laget, Eva Hamre, syns det er flott at jentene har kome så langt og at dei burde vera nøgde med innsatsen.

– Me var uheldige i første omgang og ønskja sjølvsagt å kome så langt me kunne. Det er klart me er lei oss no, men alt i alt har det gått kjempe bra, me har spelt god fotball og alle har spelt godt, seier Hamre.

Totalt var det 15 jenter som var med på laget, der to av dei var på lån.

– I år kom me oss også på Tusenfryd. Det hadde jentene lyst til i fjor, men det fekk me ikkje tid til. I år var det eit av laga som trekte seg, så difor fekk me ein dag til å gjera det, seier ho.

I fjor vann sjuarlaget som Syril sendte på Norway Cup, men i år var nivået endå litt høgare.

– Det er hardt, men moro. Ingen hadde trudd at me kom til å komma så langt. Me var betre enn motstandaren til tider, men når alt kjem til alt, så er det måla som tel, avsluttar ho. 

Til toppen