FÅR ROS: Susanne Moen Øy (17) frå Årdal har fått enormt med merksemd etter at ho publisert eit blogginnlegg om slankehysteriet. Fotomontasje: Susanne Moen Øy/ung.no.
FÅR ROS: Susanne Moen Øy (17) frå Årdal har fått enormt med merksemd etter at ho publisert eit blogginnlegg om slankehysteriet. Fotomontasje: Susanne Moen Øy/ung.no.

Susanne (17) får ros for blogginnlegg om slanking

«Når er me gode nok? Når er eg god nok?» Det er spørsmål Susanne Moen Øy har stilt seg så ofte dei siste månadene at det resulterte i eit blogginnlegg som ho no får enormt med ros for.

Det var for ti dagar sidan den 9. september at 17 år gamle Susanne Moen Øy forfatta eit blogginnlegg ho ikkje visste skulle få så store ringverknader.

Innlegget kom som ein konsekvens slankehysteriet som verserer i samfunnet, og lenge har ho tenkt den eine tanken: «Når er eg god nok?» Over 2500 personar las innlegget den første kvelden. Etter kvart vart nettstaden Side2 tipsa om innlegget, og dei valde å via ekstra plass til det på framsida si.

TAKKSAM: Susanne er takksam for alle dei fine tilbakemeldingane.
TAKKSAM: Susanne er takksam for alle dei fine tilbakemeldingane.

– Eg synes det er fantastisk at så mange har lese innlegget mitt. Mange seier til meg at det er bra skreve og at det var tøft gjort. Det er jo eit ganske tabu tema, som få snakkar om.

– Eg hadde lyst til å seia kva eg meiner og føler om dette ganske så omdiskuterte temaet. Eg har gått ned mange kilo sjølv og trent to gonger for dagen til tider, og ein blir utruleg lei, byrjar årdalsjenta når Porten.no treff ho på Strondi Café på Årdalstangen. 

Ver den du er

Sola strålar i ansiktet hennar, men det kjølig i lufta. Det er ingen tvil om at hausten er på veg, og dei som kanskje har jobba knallhardt for å ha «sommarkroppen 2014» i orden, kan pusta ut. Det er slike fenomen Susanne er lei.

– Me burde leva slik me sjølve vil, vera glade og nøgde. Det er mykje gale som skjer i verda, men me som er friske og raske er så dumme av og til når det gjeld slanking, held ho fram.

Det er det som er hovudbodskapen i teksten hennar. Som ho sjølv seier, har ho òg gått ned i vekt, men for kven? I innlegget fortel ho at om dei gangane folk skreik stygge ting etter ho fordi ho var for stor. 

– Eg fekk ikkje gjort noko anna. Eg tenkte heile tida på kor mange kaloriar eg hadde lagt inn på kalkulatoren min og kva eg kan gjera for å forbrenna dei og så vidare. Det blei meir fokus på det enn å kosa seg, ha ein jentekveld og eta sjokolade.

Mange spørsmål om sjølvtillit

IMPONERT: Anne Holter Bentzrød er imponert over blogginnlegget.
IMPONERT: Anne Holter Bentzrød er imponert over blogginnlegget.

Anne Holter Bentzrød er helsesøster og ein del av redaksjonen på Ung.no, ein nettstad som blir dreve av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, der ungdom kan stilla spørsmål om alle moglege tema. Ho rosar Susanne for blogginnlegget.

– Sjølvtillit, sjølvkjense, at ein ikkje er bra nok og slike spørsmål får me kvar dag. Det er noko av det vanlegaste me får spørsmål om, fortel ho til Porten.no. 

– Kva seier du til dei som kjem med spørsmål om dette?

– Eg tek dei og den opplevinga dei har på alvor. Eg svarar i stor grad det same som Susanne gjer her. Hold fokus på det som er bra. Å samanlikna seg med andre gjer det ikkje betre. Det kan vera utfordringar i puberteten med tanke på det å venna seg til ein ny kropp. Dessutan er det stor forskjell på kva som er innanfor normalen. Det kan skilja 20 kilo på to jenter, men likevel kan begge vera innanfor normalen. Det er om å gjera å samla på dei gode kommentarane, seier ho.

Foreldre kan utgjera ein forskjell

Men kven har skulda for slankehysteriet? Susanne er klar på at media må ta sin del og får støtte frå Bentzrød.

– Kva er det dei unge ser på nettet? Før fekk ein dette i blad av og til, men no blir ein bombardert på nettet heile tida. Ein blir reven med, og så hermar ein etter andre. Yngre har alltid lært av eldre, men no er kunnskapen mykje lettare tilgjengeleg for dei yngre. Før kjøpte ein ikkje Det Nye til ei jenta på ti år, men no har dei tilgang til dette på nettet.

Det er her foreldrene kjem inn. Dei kan nemleg spela ein viktig rolle når det gjeld dette temaet. Nøkkelen er å snakka med ungane om det.

– Me bør vera forsiktig med kva me seier, iallfall når det er ungar tilstades. Dei høyrer absolutt alt og får med seg meir enn me trur. Me må passa på kva me seier og ikkje bruka så sterke ord, som dei kan ta etter, seier Susanne.

– Ein kan jo ikkje stenga nettet og lukka verda ute, men ein kan gjera ungane meir robuste ved å reflektera om dette saman. Ta problemstilling på alvor og ikkje fordøm det. Ungar er fantastiske på å reflektera, og gjer ein det, kjem ein veldig langt. Foreldre har ei unik moglegheit til å få reflekterte born ved å diskutera dette med dei, supplerer Bentzrød. 

Artikkelen held fram under biletet.

TEK EIT OPPGJER MED SLANKEHYSTERIET: Slik ser blogginnlegget til Susanne ut.
TEK EIT OPPGJER MED SLANKEHYSTERIET: Slik ser blogginnlegget til Susanne ut.

– 50-åringar legg òg ut profilbilete, der andre vaksne kommenterer «Så fin du er». Dei vaksne må slutta med det der. «Ha ein fin dag», kan dei heller seia, for me er jo førebilete, men i staden hermar dei etter ungdommen. Du må gjerne seia fine ting, men send det gjerne i eit lukka forum, legg ho til. 

– Fokuser på det du er nøgd med

Det er ingen tvil om at dette er eit omdiskutert tema. På den eine sida står kosthaldsekspertar og fortel kor viktig det er å vera sunn, medan på den andre sida har du dei som meiner slankehysteriet har gått for langt.

– Det er ein hårfin balansegang. Me jobbar også med å motverka overvekt. Me veg ungane i 8. klasse, og dei skal helst ikkje vera overvektige, men då prøver me å ha det helsemessige fokuset. Viss du treng råd, snakk med dei vaksne slik at du gjer ting på ein ordentleg måte, er oppmodinga frå Bentzrød, som også har fleire råd.

– Fokuser på eigenskapar framfor utsjånad. Du er deg med alt det du er, og du er flott. Utsjånad er berre ein liten del av det heile. Viss det er éin ting du ikkje er nøgd med, prøv heller å endra fokuset på alle dei tinga faktisk er nøgd med. Dessutan handlar det kanskje også om å vera ein god ven. Du har også ansvaret for å byggja andre opp. 

Susanne har også råd å koma med til dei som tenkjer på og har opplevd det same som ho.

– Hev hovudet dykkar. De er betre enn dei. Eg brydde meg ikkje så mykje om det, men for eit år sidan var det veldig sårande, men dei er berre lågare enn oss. Dei berre hakkar på deg for å heva seg sjølve. 

Det får bli siste ord. 

Til toppen