REVY: I påska arrangerar Lærdalskompaniet i kjend stil revy i både Lærdal og Årdal. Foto: Privat
REVY: I påska arrangerar Lærdalskompaniet i kjend stil revy i både Lærdal og Årdal. Foto: Privat

Sutalause tilstandar i Lærdal

I påska arrangerar i god tradisjon Lærdalskompaniet revy både i Lærdal og Årdal. 

- Vi er back in business, utbryt Steinar Kvigne då Porten.no møter Lærdalskompaniet i deira lydstudio på kulturhuset. 

I kjend regi arrangerar Steinar Kvigne, Ragnar Sanden, Magne Grøttebø og Kristen Olav Grøttebø revy i påska. Dei har også fått med seg musikarane Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær. 

Ultralokalt og litt internasjonalt

Lærdalskompaniet har i år komponert ein revy samansett av sketsjar, video-innslag og musikk, men alt skal føregå på scena i kulturhuset. 

- Vi tek ikkje ting så veldig alvorleg, seier Sanden. 

- Det blir ei god blanding av ultralokalt og litt internasjonalt, seier Kvigne. 

- Noko av det vi byr på er verkeleg sprengstoff, seier Grøttebø. 

Skal vi tru karane, får lærdølene besøk frå både St. Petersplassen, Asia og Amerika i påska. 

- Vi kjem til å snakka ein del språk, både godkjende og ikkje så veldig kjende. Så har vi henta inspirasjon frå både her og der, seier Sanden. 

Kan aldri kjenna seg trygge

Om dei tidlegare revyane er nokon indikator på kva som ventar publikum, så kjem det til å komma ein del parodiar av kjende lærdøler og årdøler. 

- Offentlege folk kan aldri kjenna seg trygge. Dette gjeld i heile Sogn. Vi ser jo støtt og stadig at ting skjer på NRK og i lokalavisene, så lagar vi vår eigen vri på det, seier Kvigne. 

- Ordføraren blir nok å sjå, men han er ikkje den einaste og får godt selskap av andre personlegdommar, seier Grøttebø. 

Kommunesamanslåinga vil også bli ei heit potet under årets påskerevy. 

- Vi har laga vårt eige kart som vi meiner kan fungera bra. Slik det ser ut no, blir jo Lærdal ståande som ein einstøing. Ein kan alltids sjå utanfor fylkesgrensa, over fjorden, gjennom tunnelen og over fjellet også, seier Sanden. 

- Ein har stormaktene Sogndal og Voss. No ser det ut til at Aurland skal bli ein del av store Voss også. Så ligg stakkars Lærdal igjen åleine, seier Kvigne. 

Vil få hjelp frå det store utland

Karane vil ikkje avsløra for mykje om opplegget sitt, men røpar at Lærdal kjem til å få hjelp frå internasjonale krefter frå fleire verdsdelar. 

- Alle karakterane vi kjem til å introdusera har noko å tilby Lærdalssamfunnet vårt. 

Årdølene må derimot ikkje fortvila, kompaniet lovar sutalause tilstandar i Årdal også. 

- Vi samlar folk flest. Det er ikkje store forskjellane på publikum i Årdal og Lærdal. Dei har same humoren. Så teke dei nokre ulike poeng kvar. 

Krafttak etter jul

Dei fire 60-åringane har planlagt og jobba med revyen sidan etter jul. 

- Vi går rundt og tullar og har det veldig artig saman. No går vi å ventar på dagen då vi sjølve ikkje forstår at vi ikkje lenger er morosame, seier Kvigne. 

- Dagen vi går ut med kvar vår gåstol, er vel dagen vi må gi oss, seier Sanden. 

- Om ein er ute etter god underhaldning, musikalske innslag, lokal humor og morosame filmklipp, så må ein ta turen ned i kulturhuset å få med seg revyen, seier Grøttebø.

Det vert fire førestillingar i Lærdal 18. og 19 mars, og ein i Årdal 30. mars. 

Til toppen