LIK VESLEBROR: I fjor lanserte Peugeot den mindre SUV-en 3008, som har mange av dei same designtrekka som storebror 5008. FOTO: Berit Roald / NTB.
LIK VESLEBROR: I fjor lanserte Peugeot den mindre SUV-en 3008, som har mange av dei same designtrekka som storebror 5008. FOTO: Berit Roald / NTB.

SUV på fransk

Peugeot ønskjer å ta igjen hovudfeltet i bilmarknaden og erstattar fleirbruksbilen 5008 med ein SUV. Det er berre delvis vellykka.

Peugeot har vore temmeleg treige til å hengje seg på SUV-trenden. I fjor kom ein ny 3008, som tok modellen frå ein slags fleirbruksbil til SUV. No tar 5008 den same klassereisa. Den førre utgåva var ein relativt stor familiebil av den utprega franske sorten. Stor innvendig plass og snurrig design var dei mest framståande trekka.

Den nye 5008-modellen er litt større alle vegar, og det ser ikkje lenger ut som sjåføren sit over forstillinga. Det har vorte ein moderne familiebil med god bakkeklaring og høgreist sitjestilling.

Førsteinntrykket er ofte viktig. Er ikkje det bra, kan det hefte ved heile opplevinga i lang tid. Dessutan har kundane i liten grad høve til å prøvekøyre ein ny bil over ein lengre periode før dei bestemmer seg.

Mikroratt

Peugeot har i alle dei nyare modellane sine presentert ein ny formel når det gjeld interiøret: eit bitte lite ratt og instrumenta plasserte i dashbordet over rattet. Teorien er god. Dette gjer nemleg at ein ikkje treng å senke blikket noko særleg når ein skal sjekke fart og andre parameter. Dermed har føraren mest mogleg augekontakt med det som skjer framfor bilen.

Artikkelen held fram under biletet.

SÆRT: Innvendig har Peugeot ein heilt eigen stil. Rattet er forma slik at ein skal sjå skjermen i dashbordet over rattet, noko som ikkje er heilt uproblematisk.
SÆRT: Innvendig har Peugeot ein heilt eigen stil. Rattet er forma slik at ein skal sjå skjermen i dashbordet over rattet, noko som ikkje er heilt uproblematisk.

I praksis fungerer det ikkje nødvendigvis like bra. Det er ein grunn til at alle andre sver til eit ganske normalt ratt der ein ser klokkene mellom navet og øvre delen av rattet og eventuelt speglar av den viktigaste informasjonen på ruta med det som kallast head-up-display. I Peugeoten må eg setje rattet i ein unaturleg låg posisjon, med den følgjefeilen at det er tilnærma uråd å finne ei sitjestilling som er tilfredsstillande.

Resten av interiøret er estetisk sett veldig mykje finare enn det Peugeot dreiv og rota med for nokre år sidan. No er den meir vilkårlege pepringa av knottar og knappar erstatta med ei pen rad brytarar som aktiverer funksjonane på den midtstilte skjermen. Det ser lekkert ut, men er samtidig litt tungvint å bruke. Ein må til dømes bruke berøringsskjermen for å stille temperatur og kor lufta skal sive ut, eller gå via skjermen for å deaktivere start/stopp-funksjonen. Da er det snakk om å ta blikket ganske langt frå det som skjer framfor bilen. Peugeot er ikkje åleine om å ha så stor tillit til berøringsskjermen, men tryggleiken og brukarvennlegheita er mykje betre hos dei som kombinerer dette med eit hjul på midtkonsollen og lèt ventilasjonen ha eigne brytarar.

Liten og frisk motor

Alle desse tinga heftar ved bilen, og dei er neppe noko godt salsargument viss den potensielle kunden etterpå set seg inn i ein bil der alt er heilt enkelt og funksjonelt.

Peugeot har vore flinke til å presse ned vekta på bilen, som er meir enn 100 kilo lettare enn modellen han erstattar. Totalvekta er under 1,4 tonn i ein bil som har sju sete, eventuelt plass til 700 liter med bagasje bak om ein nøyer seg med fem personar i bilen.

Artikkelen held fram under biletet.

TRE RADER: Peugeot 5008 er ein sjusetar. Den bakarste rada har ganske snau beinplass og passar best for folk som ikkje har rekt å bli vaksne.
TRE RADER: Peugeot 5008 er ein sjusetar. Den bakarste rada har ganske snau beinplass og passar best for folk som ikkje har rekt å bli vaksne.

Dette får ein igjen på vegen. Motoren i testbilen er langt frå heftig, 120 hestekrefter frå ein diesel på 1,6 liter, men han kjennest overraskande frisk ut. Automatgirkassa verkar veldig godt matcha med motoren, og ein treng ikkje nedoverbakke for å gjere ei trygg forbikøyring. Viss ein vil ha litt ekstra futt frå drivverket, kan ein få dette gjennom eit tastetrykk. Da blir gass- og girresponsen litt kvikkare.

Pent forbruk

Peugeot har vore av dei bilprodusentane som har trykt hardast på for å få røyndomsnære forbrukstal ut til forbrukaren, og testbilen ligg ikkje så langt unna det oppgitte talet. På ein 15 mils tur med variert køyring hamna vi på 0,53 liter per mil, mot oppgitt 0,43 – det er innanfor. Det er òg ganske så pent samanlikna med andre like store bilar.

Artikkelen held fram under biletet.

REISER SEG: Den førre 5008-modellen frå Peugeot var ein fleirbruksbil. Det er ikkje lenger kundane så veldig interesserte i, så arvtakaren følgjer straumen og har vorte ein SUV.
REISER SEG: Den førre 5008-modellen frå Peugeot var ein fleirbruksbil. Det er ikkje lenger kundane så veldig interesserte i, så arvtakaren følgjer straumen og har vorte ein SUV.

Eit anna element er prisen. 386.000 kroner for ein ganske stor og velutstyrt SUV er slett ikkje verst. Men er du ute etter ein bil med firehjulstrekk, er det berre å køyre forbi Peugeot-forhandlaren. 5008 kjem berre med framhjulstrekk, noko som på ingen måte er ein fordel i den norske marknaden. Ikkje minst er det eit sakn når vi snakkar om ein bil av denne typen.

Den nye 5008 vil likevel ha mykje større appell i marknaden enn fleirbruksbilen han erstattar. Fleirbruksbilsegmentet er mikroskopisk i Noreg, og for den som ønskjer seg ein SUV som ikkje er som alle dei andre som ein finn igjen på p-plassen utanfor kjøpesenteret, er 5008 verdt eit forsøk. Før eller seinare ven ein seg vel til det litt snurrige interiøret også.

(©NPK)

Til toppen